Publisert: , Oppdatert:

OV "Bøkfjord" vert hybrid!

Det tredje nye multifunksjonsfartøyet til Kystverket, OV "Bøkfjord", vert utstyrt med hybridanlegg. OV "Bøkfjord" kjem med det til å bruke mindre drivstoff, forureine mindre og kreve mindre vedlikehald.

Kystverket Rederi og Rolls Royce Marine AS signerte i dag, 22. desember, ein kontrakt om levering av hybridanlegg til OV "Bøkfjord". Det nye multifunksjonsfartøyet er under bygging hjå Hvide Sande Shipyard i Danmark, og er planlagt levert sommaren 2016.

– Dette er eit tidsmessig og framtidsretta miljøtiltak som vil vere med på å oppfylle reiarlaget sin del av den ambisiøse klima- og miljøstrategien til Kystverket, poengterar kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Hybridiseringa består av ein batteripakke på 850 kW som er fullt integrert i drifts- og automasjonssystemet til fartøyet. Batteria vert lada under drift samstundes som dei hjelper til og tek belastningstoppane på dei andre generatorsetta. På den måten unngår ein å starte ein ekstra motor når fartøyet til dømes arbeider i dynamisk posisjonering. Batteripakken er også dimensjonert slik at fartøyet kan ligge til kai over natta utan bruk av hamnegenerator.

– Å utstyre OV "Bøkfjord" med eit slikt hybridanlegg har mange positive sider. Basert på driftsmønster kan vi spare inntil 25 prosent drivstoff. Det gjev langt mindre lokal forureining av støy og klimagassar, og ein betre virkningsgrad på generatorar i drift medfører dessutan reduserte vedlikehaldskostnadar, fortel dagleg leiar i Kystverket Rederi Alf Arne Borgund.

– Tilgjengelegheita på landstrøm er i dag eit problem grunna kapasitet og vårt operasjonsområde. Ved behov vil OV "Bøkfjord" kunne ta landstrøm for vedlikehaldslading frå dei fleste kaianlegga langs kysten, seier Kurt-Ivar Gram Franck, som er teknisk sjef i Kystverket Rederi.

Frode Vik, som er Area Sales Manager i Rolls-Royce Marine AS, fortel at selskapet har køyrd ein test med eit tilsvarande oppsett på et fartøy som eit større norsk reiarlag eig.

– Der har vi overvaka systemet online i om lag eit halvt år, og resultata er veldig gode. Vi føler oss sikre på at Kystverket med dette får ei god løysing som vil tene dei godt, fastslår Vik.

Siste nytt