Publisert: , Oppdatert:

Endringar i forskrift om farvasskilt og navigasjonsinnretningar

Frå 1. januar 2015 blei det gjort endringar i forskrift 19. desember 2012 nr. 1329 om farvasskilt og navigasjonsinnretningar.

Endringane inneber blant anna at deler av vedlegg 1 om skilt er oppheva. Dette gjeld i all hovudsak omtalen i vedlegget om plassering av skilt og utmåling av sikkerheitsavstandar ved luftspenn og bruer. Dette er tema som no vert omtala i farleisnormalen til Kystverket, og ikkje i forskrifta. Farleisnormalen til Kystverket finn du her.

I tillegg er skiltet om ”vannscooterkøyring tillate” oppheva. Vidare er det gjort ein del språklege oppdateringar i vedlegget.

I vedlegg 2 om akvakultur er det gjort nokre mindre oppdateringar av innhaldet. Det er tatt inn eit nytt krav om at  lyssignal normalt skal tennast og slukkast når nivået på lyset rundt er på høvesvis 50-100 lux og 150-200 lux. Kystverket har også endra reglane for størst mogleg avstand mellom merka ytterpunkt. No er minstekravet at det skal være ein avstand på maksimalt 200 meter mellom merka ytterpunkt. Før endringa var kravet 150 meter.

Vi viser til høyringa for oversikt over alle endringane.

Relaterte dokumenter

Siste nytt