Publisert: , Oppdatert:
- Anne Grethe Nilsen

Statssekretærer besøkte Vardø sjøtrafikksentral

Statssekretær i Utanriksdepartementet Tore Hattrem og statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Grete Ellingsen besøkte fredag 15. april sjøtrafikksentralen i Vardø.

Også politisk rådgivar ved Statsministerens kontor, Hans Christian Kaurin Hansson, var til stades.

Under besøket fikk statssekretærane ei orientering om oppgåvene til sjøtrafikksentralen og den tverretatlege analyseeininga som ligg under sjøtrafikksentralen i Vardø. Det var spesiell fokus på oppgåve knytt til sivil overvaking av risikotrafikk i nordområda og arbeidet som analyseeininga gjer for å avdekke ulovlig fiske og transport av gods. Dei besøkande fikk også omvisning av operasjonsrommet i sentralen.

Sjøtrafikksentralen i Vardø var ein av stoppestadane under statssekretærane sitt besøk i Finnmark, kor formålet var å utforske korleis man kan utvikle eit tettare samarbeid mellom regionale og nasjonale aktørar i utforminga av nordområdepolitikken.

Vardø sjøtrafikksentral har viktige oppgåve knytt til trafikkovervaking i nordområda. Sentralen overvakar skipstrafikk frå Barentshavet til Lofoten ved hjelp av radarovervaking, skipsrapportering og det automatiske identifikasjonssystemet AIS. Den nordligaste sjøtrafikksentralen til Kystverket har også ansvaret for overvaking av all tankskip- og annen risikotrafikk langs heile kysten og havområda rundt Svalbard, med unntak tenesteområda dei fire andre sjøtrafikksentralane i Sør-Noreg.

Siste nytt