Publisert: , Oppdatert:
- Olav Helge Matvik

Stortingskomite vitja Kystverket

Innovative løysingar sto på programmet då Stortingets transport- og kommunikasjonskomite i dag, tirsdag 26. april, vitja Kystverket i Ålesund.

Transport- og kommunikasjonskomiteen har dei to siste dagane vore på rundreise i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I lokala til Kystverket Midt-Norge i Ålesund fekk den i dag orienteringar frå Kystverket og frå havnesamarbeidet Kysthavnalliansen og Blue Water Shipping.

Kystdirektør Kirsti L. Slotsvik, regiondirektør Harald Tronstad og losdirektør Erik Freberg Blom gav komiteen eit innblikk i kor langt framme Kystverket er med sine innovative løysingar innan både sjøtrafikkovervaking og sjømerking, samt ein god gjennomgang av korleis lostenesta er organisert og kva utvikling ein ser for seg på det området.

Arnt Honstad, som er havnefogd for Kristiansund og Nordmøre havn, og Carsten Steffensen, som er direktør for Blue Water Shipping A/S, orienterte deretter om Kysthavnalliansen og alternative mogelegheiter innan laksetransport.

Transport- og kommunikasjonskomiteen responderte med ei rekkje gode og engasjerte spørsmål til foredragshaldarane, før dei heldt fram rundreisa med å reise sjøvegen til Hareid.

Siste nytt