Publisert: , Oppdatert:
- Anne Grethe Nilsen

Opna Norges lengste molo i Austevoll

Gå til mediasiden og last ned originalfiler

Nye Austevoll fiskerihamn i Salthella med Noregs lengste molo på 1,1 kilometer, vart torsdag 23. juni opna av Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Om lag 1,7 millionar tonn steinmasse er brukt til å bygge det massive hamneanlegget som gir nye mogelegheiter innan fiskeri- og industriutvikling i øykommunen Austevoll.

 Her er det gjort store investeringar for å leggje til rette for meir verdiskaping. Eg håper ei trygg hamn, betre molo og alle planane kommunen har for ytterligare investeringar i fiskerihamna, betyr at det blir landa endå meir fisk, endå meir eksportinntekter til vår nasjon og endå meir verdiskaping her på øya, sa statsråden under opninga.

‒ Eit utfordrande og spennande prosjekt

På oppdrag frå Kystverket har entreprenøren Leonard Nilsen & Sønner AS sia mai 2014 utdjupa fire grunner ned til ti meter under havoverflata. Tiltaket gir betre plass til å manøvrere større farty trygt i innseglinga til ny Austevoll fiskerihamn ved Salthella.

Det er bygd ein 1,1 kilometer lang molo over tre holmar, den lengste av sitt slag i Noreg. Moloen skal skjerme for ver og vind og kan brukast til å etablere nye vente- og liggekaier for fiskeflåten. Arbeidet med utdjuping og etablering av ny molo starta opp i mai 2014 og vart fullført i februar 2016.

‒ Det har vore eit utfordrande og spennande prosjekt. Vi har jobba for å skape ei god, trygg og stor nok hamn for kommunen sin omfattande fiskeflåte, og samstundes har Kystverket gitt kommunen rom til å vidareutvikle næringsaktivitet her. Med det trur eg vi har kome i mål. Entreprenøren har gjort ein framifrå jobb, seier prosjektleiar Svein Gunnar Vallestad i Kystverket Vest.

Gir nye mogelegheiter

Austevoll er blant Noregs største fiskerikommunar og fiskerinæringa er stor innan pelagisk fiskeri. I 2015 var det registrert over 100 fiskefarty med Austevoll som heimkommune og 250  fiskarar med fiske som hovudyrke. Trenden visar at fiskeflåten går i retning av stadig større farty, og i dag manglar Austevoll kommune liggehamn for den store havgåande fiskeflåten som høyrer heime i kommunen. Det er trongt om plassen i nærliggande hamner og den nye fiskerihamna vil kunne avlaste desse hamnene.

I hamneområdet på landsida er det tilrettelagt for etablering av eit nytt industriområde på om lag 30 dekar. Dette kan nyttast av fiskerinæringa og anna næring som ønskjer å satse i Austevoll.

Kystverket ga i 2016 tilsegn om 10,3 millionar kroner i tilskot til Austevoll kommune til bygging av to nye kaier på moloen.

‒ No som moloen er på plass og innseglinga er utbetra for større og fleire farty, blir det spennande å sjå korleis hamna vart utvikla vidare. Det ligg eit stort potensial i bruk av molo i kombinasjon med det store landarealet som er regulert for vidare utvikling, båe for etablerte og potensielle nye bedrifter, seier regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket Vest.

Fakta

Last ned bilde og film i høg oppløysing her. Vær vennleg å krediter Kystverket/Leonard Nilsen & Sønner AS ved bruk.

Fakta om prosjektet

  • Av dei om lag 1,7 millionar tonn steinmassane som er brukt til bygging av molo, kjem  om lag 110 000 tonn frå utdjupinga i hamnebassenget.
  • Under bygginga har Kystverket etablert ein midlertidig vegtrasé som kan gjerast ferdig av kommunen i samband med vidare aktivitetar i fiskerihamna.
  • I samband med utbygginga er det satt opp ny navigasjonsmerking ved innseglinga. Fire lanterne og tre jernsteng er erstatta med tre nye lanterne og tre nye hurtigbåtmerke med indirekte belysning.
  • Historikk:
    • Austevoll kommune fremma prosjektet for Kystverket i 2006. Planlegginga starta opp og ulike alternativ vart vurdert før endeleg utforming av moloane vart bestemt. Det vart gjennomført utgreiingar av ymse slag og reguleringsplanen vart vedteken i 2012.
    • Austevoll kommune, næringa i kommunen og fiskarlaget  var sterkt engasjert i prosjektet. Hordaland fylkeskommune støtta prosjektet og meinte at fiskerihamna ville få stor verdi i regional samanheng. 
    • Prosjektet Austevoll fiskerihamn låg opphavleg inne med tidligast oppstart i perioden 2014-2019, men prosjektet blei forsert, slik at midlar for oppstart vart gitt i 2013.

Siste nytt