Publisert: , Oppdatert:

Samlar kystens røyster i ei lita blokk

Gå til mediasiden og last ned originalfiler

Ei lita, slitt notisblokk i venstrehanda, kulepennen i den høgre. Det vert notert like flittig som hos journalistane når statsråd Ketil Solvik-Olsen gjennomfører ferda si langs Noregs kyst i sommar.

Difor måtte òg nokon koma etter med blokka hans då ho vart gløymd ein stad – ei ny hjelpte lite når så mye tankegods frå menneskemøte var samla i den gamle.

Han handhelsar fast med eit lite bukk. Dei frammøtte på kaia byrjar å fortelja kva dei har på hjartet.

Blikket hans er konsentrert. Fokusert på han som fortel. Ein liten rynka trer fram i panna, medan han fiskar fram blokka frå brystlomma på losgenseren.

Den vesle notisblokka finn seg godt til rette i den venstre neven, medan høgrehanda lett og ledig noterer ned viktige stikkord. Stikkord som skal gje meining til ettertanke og refleksjon.

Meiningar, ider og forslag som kan føra til at prosjekt og avgjerder vert litt forskjellig enn dei ville ha vorte - dersom statsråd Ketil Solvik-Olsen ikkje hadde teke seg tid til reisa langs kysten vår.

Ketil Solvik-Olsen møter mennesker langs kysten.

Tid for Riksveg 1 

–  Dette er notat eg tek fram igjen, og som minner meg om kva menneske eg har møtt har fortalt meg. Opplevingane deira, engasjement og historier gjev meg eit anna grunnlag å vurdera saker ut i frå enn det som kan koma fram i papir.

I 2014 la han E6 bak seg, i 2015 E39, han har reist E10 og E18 og alle persontogstadar.

– I år står Riksveg 1 for tur, seier statsråden, og speidar utover det blå havet.

Viktige historier

Med eit følgje frå ulike stadar i embetsverket jobbar han intenst. Minutt for minutt er planlagt av ferda, menneske av mange slag skal møtast. Personar frå ulike interessegrupper får taletid.

Det manglar verken på pekefingrar eller oppfordringar til løyvingar frå dei han møter. At dei vert høyrd, og at det dei seier er notert, viser den slitne notisblokka.Saker diskuteres under Kyst2016, og noteres.

–  Nokre historier høyrer vi mange gonger frå ulike menneske, andre gjev oss historia på nye måtar. Slik kan vi trekkja parallellar, sjå skilnader, avgjera om vi høyrer om systemsvikt eller personleg meiningsmotsetnader, forklarer Solvik-Olsen.

Les om sterke inntrykk fra første dag av Kyst2016 her!

Styrkjer avgjerdsgrunnlag

Han trur at det intense arbeidet med menneskemøte langs kysten vil føra til det same som då veg og jarnbane vart tilbakelagt; eit anna avgjerdsgrunnlag.

– Det er viktig å ha med folk frå embetsverket vårt, og frå underliggande etatar som Kystverket. De får fanga opp stemmar som ikkje kjem til syna svart på kvitt i saksdokument. Vi treffer andre og fleire menneske enn dei som sit i leiinga rundt omkring.

– Inntrykka set seg djupare, eg meiner vi ber røynslene lenger med oss etter å ha møtt dei som har delt meiningane sine og historier med oss, seier statsråden.Den slitte blokka

Stikkorda på blokka vert mange. Mykje tyder på at ei ny blokk må til pers innan Kyst2016 er tilbakelagd.

– Stikkorda gjer at eg hugsar betre. Innimellom får eg sett meg ned og systematisert dei, seier Solvik-Olsen.

I små minutt mellom punkta på timeplanen sender han e-postar. Ikkje sjeldan som følgje av noko av det han har høyrt.

Imponert over engasjement

– Tankane folk har delt med meg genererer nye tankar når eg ser på notata mine.Det lyttes og noteres flittig av statsråden på reisen langs kysten.

Når han fordøyer inntrykka på dag to av Kyst2016, vil han trekkja fram velvilje og eigarskap til ulike prosjekt.

– Eg er imponert over kor villige folk er til å stilla opp, eg merkar det, og eg merkar eigarskap og mye engasjement – og det gjer mykje meir inntrykk enn A4 -ark kan gjera, seier han før han vender tilbake til notata i den vesle blokka si.

Ei viktig reise

Kystdirektør Kirsti Slotsvik seier reisa statsråden tek er viktig for å få vist fram korleis vi utviklar sjøvegen vår, gjennom prosjekt og aktivitetar frå sør til nord.Kirsti Slotsvik

– Det tyder mykje for oss i Kystverket å ha ein minister med ekte engasjement for ansvarsområdet vårt. Når han tek seg tid til å møta folka våre, interessegrupper og innbyggjarar langs kysten gjev det betre forståing og avgjerdsgrunnlag som han sjølv seier.

– Han og staben hans får innsikt i høva, utfordringane og behova vi jobbar med heile tida, seier Slotsvik.

Siste nytt