Publisert: , Oppdatert:
- Anne Grethe Nilsen

Evaluerte dansk sjøtrafikksentral

Kystverket utførte i april ein evaluering av prosedyrane til Storebælt VTS, sjøtrafikksentralen som overvaker skipstrafikk i sundet Storebælt mellom Fyn og Sjælland. Dette er første gang ein dansk sjøtrafikksentral vart evaluert av ein utanlandsk myndigheit.

Skipstrafikk ved Storebælt. Foto: Defence Command Denmark.

Evalueringa er gjort etter ønske frå den sivile delen av det danske Forsvaret, som driftar sjøtrafikksentraltenesta i Danmark.

‒ Vi gjekk gjennom og stilte kontrollspørsmål ved prosedyrane til Storebælt VTS. Vi intervjua sjøtrafikksentralsjefen, representantar frå VTS myndigheitene, instruktør, vaktleiar og trafikkleiar. Vidare observerte vi operasjonar i tårnet for å sjå korleis prosedyrane vert praktisert, seier seniorrådgivar Malin Dreijer, som er ansvarleg for drift og utvikling av den norske sjøtrafikksentraltenesta.

Ei nyttig erfaring

Dreijer fortel at evalueringa, som på fagspråk vart kalla audit, også har vore særs nyttig for hennar arbeid.

‒ Vi har lært mykje av prosessen og tek med oss ein del inputs som vi kan ha nytte av i vår teneste, spesielt når det gjeld opplæring og bruk av standardfrasar og markørord. Dei var særs dyktige i sin kommunikasjon med farty, fortel ho.

Den norske og danske sjøtrafikksentraltenesta har ulike fokusområde. Mens dei norske sentralane har overvaking, regulering og informasjonsteneste som sine primære oppgåve, er den viktigaste oppgåva til den danske sentralen å verne om Storebælt brua.

‒ Naturleg å spørre Kystverket

Storebælt VTS overvaker skipstrafikken over sundet Storebælt, som bind saman Fyn og Sjælland. Sentralen er døgnbemanna med seks vaktleiarar og 20 maritime trafikkleiarar.

‒ Sjøvernet i Danmark har gjennom mange år arbeida saman med Kystverket i ulike internasjonale fora innan VTS og skipsrapportering. Sidan Noreg og Danmark har nokolunde same syn på båe VTS og sikkerheitsstyring, var det derfor naturleg å ta kontakt med Kystverket for å be om assistanse til vår audit, seier kaptein Niels Mygind ved Danish Defence Command.

‒ Observasjonene som ble gjort av audit teamet frå Kystverket vil bli nøye studert, og følgt opp der det er mogeleg, seier Mygind.

Godt nøgd

Avdelingsleiar Jon Leon Ervik i Kystverket er godt nøgd med å kunne yte hjelp til kollegaer i Danmark.

‒ Det er veldig hyggeleg at våre tilsette innan VTS faget blir spurt om å evaluere andre myndigheiters sentralar. Det kan tyde på at vi driv ei solid og effektiv sjøtrafikksentralteneste i Noreg. Det er også ein tillitserklæring til Kystverket som VTS myndigheit, seier avdelingsleiaren.

Aktiv internasjonalt

Kystverket er ein aktiv deltakar i det internasjonale arbeidet for å vidareutvikle og forbetre sjøtrafikksentraltenestar, som internasjonalt går under namnet Vessel Traffic Service (VTS). Kystverkets representantar innan dette fagfeltet deltek i fleire arbeidsgrupper og prosjekt i regi av ulike internasjonale organisasjonar, blant desse er EU sin sjøsikkerheitsorganisasjon EMSA, interesseorganisasjonen IALA og FN sin sjøfartsorganisasjon IMO.

‒ Vår ambisjon er å vere med å påverke og sette rammevilkår for den internasjonale sjøtrafikksentraltenesta. For å leggje til rette for behova til norske myndigheitar og verdiskaping i norsk industri, men også for å sikre at vi får god kompetanse på området, opplyser Ervik.

 

Siste nytt