Publisert: , Oppdatert:

Cruiseskip fekk blackout i Sognefjorden

Cruiseskipet MS Oriana fekk ”blackout” i Sognefjorden. God nautisk kompetanse frå dei to losane om bord bidrog til at det ikkje resulterte i ulykke.


På veg frå Flåm ut Sognefjorden, mista cruiseskipet framdrift og lys i maskineriet. Losane som var om bord for oppdraget var Kjell Inge Telle og Frank-Roy Moltu. Los Moltu var på brua då det skjedde.

- Vi hadde kun naudbatteria som straumkjelde, fortel han.

Blackouten skjedde klokka 20.10 laurdag, då skipet nærma seg Sæleneset i Sognefjorden. Losen konstaterte raskt at roret fungerte. Dei heldt fram med å styre ut midt i fjorden. Kollega Telle vart vekt opp og kalla til brua. Losane varsla óg Kystverkets trafikksentral Fedje VTS og ba dei informere om hendinga til trafikk i området og til Hovudredningssentralen.

Kystverkets vaktlag mot akutt forurensing var også involvert. Dei overvåka situasjonen og kartla moglege tiltak og ressursar dersom det skulle ende i havari.

– Da farta kom under 5 knop klarte vi ikkje styre lenger. Båten fekk då ein svak styrbord sving, enda roret var hardt babord, fortel los Moltu.

Kapteinen kom på brua saman med los Telle og ein del andre mannskapsmedlemar. Losane konstaterte at næraste fartøy var ferjene på Balestrandsambandet.

– Det var 2695 personar om bord i cruiseskipet. Kapteinen informerte om situasjonen over høgtalaranlegget. Då vi var i underkant av 4 kabellengder frå Sæleneset fekk kapteinen beskjed frå maskina at dei hadde ein generator i gong igjen. Dei kunne bruke denne til å bakke fartøyet. Dette var nok til å stoppe den minimale framfarta, fortel Moltu.

Dei starta bakkinga om lag 15 minutt etter at ”blackouten” hende. Då hadde dei alle system på plass att. 

– Vi køyrde maskineriet forsiktig opp, og fortsette ut fjorden utan fleire hendingar, fortel han.

Det vart konkludert frå maskina at det hadde vore brot i drivstofftilførsla. Dette gjorde at generatoren stoppa, og dermed også opphengspumpene til hovudmaskineriet.

– Dette kunne blitt ei veldig stor hending. Vi var heldige med tid og stad når dette først skulle skje, fortel losane.

– Kapteinen og besetninga opptrådte eksemplarisk og vi hadde eit flott samarbeid heile vegen, avsluttar dei.

Nestenulukker skjer stadig langs kysten vår. Kystverkets losteneste og trafikksentralar bidreg til å avverje slike.

(Det let seg ikkje gjere å oppdrive bilete av los Kjell Inge Telle)

Siste nytt