Publisert: , Oppdatert:

Arrangerer oljevernøving på Svalbard

Kystverket vil i samarbeid med Sysselmannen på Svalbard gjennomføre ei oljevernøving der, og gjennomførde nyleg ei planleggingskonferanse der mål for øvinga var tema.

Police Chief Superintendent Jon Starheimsæter at Svalbard's administration and Johan Marius Ly, the NCA’s director of emergency preparedness.
Police Chief Superintendent Jon Starheimsæter at Svalbard's administration and Johan Marius Ly, the NCA’s director of emergency preparedness.

I tidsrommet 27. - 29. september 2016 skal Kystverket arrangere og gjennomføre "Øving Svalbard 2016". Øvinga vil fokusere på risiko for akutt oljeforureining i området rundt Isfjorden på Svalbard, og scenario vil vere eit oljeutslepp frå eit grunnstøytt fartøy.

Viktig øving

‒  Til no har vi vore spart for ei alvorleg hending som inneber opprydding etter akutt forureining i Arktisk. Dersom ein slik skulle hende i havområda utanfor Svalbard, er problemstillingane annleis enn om det skjer lenger sør. Derfor er det viktig å gjennomføre ei øving her og avdekkje kva utfordringar som må handterast. Mørke, kulde, is, logistikkutfordringar, manglande overvaking og kommunikasjon er viktige stikkord, seier beredskapsdirektør i Kystverket, Johan Marius Ly.

Øvinga er ei samvirkeøving på strategisk, operasjonelt og taktisk nivå, og blir gjennomført som kombinert feltøving og stabsøving. Kystverket ferdigstilte beredskapsanalysen for Svalbard og Jan Mayen i 2014, der ei av tilrådingane var å gjennomføre ei større øving med utgangspunkt i eitt av scenarioa i analysen.

‒ Med utgangspunkt i dette er det formålstenleg å gjennomføre ei større øving på Svalbard i 2016, seier Ly.

Les beredskapsdirektørens kronikk om nordområdene her.

Mål for øvinga

Øvinga vil fokusere på varslingsprosedyrar, Kystverkets overtaking av aksjonsleiing på Svalbard, samhandling med Sysselmannen i alle fasar av aksjonen, effektiv aksjonsleiing og innsatsleiing, samvirke mellom statlege og private beredskapsressursar, logiske operasjonar, samt høve for å avdekkje forbetringspunkt knytt til gjeldande planverk og materiell.

Øving Svalbard 2016 blir planlagt og gjennomført i tett samarbeid med Sysselmannen på Svalbard.

‒ For Sysselmannen blir det viktig å teste gjeldande planverk, eigne kapasitetar i form av depotstyrkje, helikopterressursar og tenestefartøy, responstider og uthald, og ikkje minst dei samvirkemekanismane som ligg i planverket, seier sysselmannsoverbetjent og stabssjef Jon Starheimsæter.

Læringspunkta frå øvinga vil vere sentrale i den vidare utviklinga av forureiningsberedskapen på Svalbard, legg han til.

Les om Kystverkets ambisjoner for norsk oljevernberedskap i nord.

Sjå inviterte einingar og fartøy som vil delta i øvinga under biletet.

fra konferanse

Fakta

Ei rekkje andre samarbeidspartnarar deltek i øvinga med materiell- og/eller personellressursar.

Følgjande einingar er inviterte til å delta i øvinga:

  • Kystverket
  • Sysselmannen på Svalbard
  • Forsvarets Operative Hovedkvarter (FOH)
  • Kystvakten
  • Hovedredningssentralen i Nord-Norge
  • Sjøfartsdirektoratet
  • Miljødirektoratet
  • Norsk Polarinstitutt
  • Norsk oljevernforening for operatørselskap, NOFO
  • Rederi
  • Forsikringsselskap

Følgjande fartøysressursar blir planlagde som deltakarar i øvinga:

  • "Polarsyssel"
  • "KV Barentshav"
  • "OV Bøkfjord"
  • "Elling Carlsen"
  • "Longyear 2"
  • "Ulla Rinman"
  • "Farm"
  • Statlig slepebåt
  • RV Lance
  • Simulert havarist

Luft/ overvåkningsressursar:

  • LN-KYV (Kystverkets overvåkningsfly)
  • Helikopter fra Sysselmannen
  • Ocean Eye (NOFO ballong)

Siste nytt