Publisert: , Oppdatert:
- Pål Are Lilleheim

Stad skipstunnel: Synfaring på gode tiltak for disponering av overskotsmassane

Kva skal overskotsmassane frå Stad skipstunnel nyttast til? Det er eit spørsmål som skaper engasjement i kommunane som ligg nært området der skipstunnelen er planlagd bygd.

Tre millionar kubikkmeter fast fjell, som det er berekna at vil takast ut dersom Stad skipstunnel vert bygd, tilsvarer om lag åtte millionar tonn med sprengt fjell.

Fleire kommunar har lagt fram forslag til kva steinmassane frå skipstunnelen kan brukast til. I førre veke (veke 11) var representantar frå Kystverket, konsulentar frå Asplan Viak, Norconsult, Snøhetta, Concreto, Dr. techn. Olav Olsen AS, Danmarks Hydrologiske institutt (DHI) og Norges Geotekniske Institutt (NGI), saman med representantar frå Selje, Vågsøy og Vanylven kommunar på synfaring i områder der det ligg føre konkrete forslag til disponering av massar frå skipstunnelen.   

– Vi har fått mykje god og nyttig informasjon om dei ulike forslaga, og har danna oss eit bilete. No skal vi få på plass ytterlegare dokumentasjon for nokre fleire av prosjekta, så vil alle tiltaka bli vurdert. Vi reknar ikkje med å ha ei avklaring på korleis massane skal disponerast før utpå hausten i år, forklarer prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Andreassen.    

Aktuelle lokasjonar for deponering av tunellmassar, som vart besøkt under synfaringane er:

Selje kommune: 

  • Ny hurtigbåtkai, terminal, småbåthamn, nytt bustadområde. 
  • Lesto – Eide: Næring industri, alternativt hurtigbåtanlegg. 
  • Eide: Utviding av landbruksareal 
  • Berstad: næring/landbasert oppdrett 
  • Klubbenholmen – Moldestad: Fiskeindustri 
  • Salt: industriformål 
  • Flatraket nord: Industri 
  • Stadlandet/Leikanger: Fleirbrukshamn 
  • Årsheim: Næringspark

Vågsøy kommune: 

  • Barstadvika 
  • Båtbygg/Raudeberg 
  • Nergård 
  • Skårastranda 
  • Måløy sentrum/Coast Property 
  • Osmundsvåg

Vanylven kommune: 

  • Fiskåholmen industriområde

Fakta

Klikk på bilder for større versjon

Se bilder og film på Flickr

STAD SKIPSTUNNEL

  • Stadhavet er det mest værutsatte og farligste havstykket som er langs norskekysten. Målet med prosjektet er å sikre en tryggere seilas forbi Stad.
  • i Nasjonal transportplan 2014-2023 er det satt av 1,5 milliard kroner til prosjektet i første plannperiode, og 1,3 milliarder i andre planperiode.

BYGGINGEN

  • Det er lagt opp til konvensjonell sprengning med tunnelborerigg og pallerigg.
  • Det blir utredet tre ulike alternativer for bruk av steinmasser fra tunnelbyggingen, deriblant til etablering av nytt næringsareal i nærområdet.

PROSJEKTET

  • Kystverket har utarbeidet en konseptvalgutredning (KVU 2010) som omhandler alternativene ”Nullalternativet” (uten nye tiltak), ”Liten tunnel” og ”Stor tunnel” (Hurtigruta).
  • Det er også gjennomført kvalitetssikring (KS1-rapport) etter bestilling fra Fiskeridepartementet og fra Finansdepartementet for KVU 2010.
  • I NTP 2014-2023 sa regjeringen at de ønsket å gå videre med et forprosjekt til KS2, med utgangspunkt i det ”store” tunnelalternativet. Dette ansees å ha et større nyttepotensial.
  • Positive effekter, som verdien av tilrettelegging av trafikk fra veg til sjø, trygghet, økt turisme, samt positive effekter for fiskerinæring og øvrige næringer, er ikke prissatt.
  • Stad skipstunnel vil være verdens første fullskala skipstunnel av denne dimensjonen.
  • I NTP 2018-2029 er Stad skipstunnel inne med en ramme lik kostnadsoverslaget på 2,7 milliarder, 1,5 milliarder kroner ligger inne i første del av NTP – for perioden 2018 til 2023.
  • Kystverket skal overlevere sitt forprosjekt til Samferdselsdepartementet til våren 2017. Prosjektet skal så gjennom ekstern kvalitetssikring fase 2 (KS2). Videre skal saken opp i stortinget for endelig finansiering.

NØKKELTALL

  • Lengde: 1700 meter
  • Høyde mellom bunn og tak: 50 meter
  • Bredde mellom veggene i tunnelen: 36 meter
  • Areal på tverrsnitt: 1661 m2
  • Volum uttak fast fjell: Ca. 3 millioner m3. Tilsvarer cirka 8 millioner tonn med sprengt fjell
  • Estimerte byggekostnader: Ca. 2,7 milliard kroner
  • Estimert byggetid: Ca. 3-4 år

Siste nytt