Fjernar kvikksølv i norske fyrlykter



I lykta på fleire norske fyr roterer linsene på kvikksølvbad. No erstatter Kystverket kvikksølvet med ei meir miljøvennleg løysing.
Kystverket jobber stadig for å få til miljøfordeler i sitt arbeid - både ved å førebygje og avverje hendingar til sjøs, men også ved å bli stadig meir miljøvennleg i eige arbeid.
Kvikksølvbad vart vald som løysing på nokre av norske fyr då dei vart bygd for over 100 år sidan. Kvikksølvet har blitt brukt for å få fyrlinsene til å rotera trinnlaust og gli glatt.
– Det har ikkje vore noko uhell, poengterer Belinda Pedersen i Kystverket.
– Men Miljødirektoratet har gjeve pålegg om å fjerna kvikksølvet frå norske fyr av miljøomsyn. Belinda er prosjektleiar for kvikksølvsaneringa.
For å halda oppe den same rotasjonen skal kvikksølvet no erstattas med kulelager.
– Dette har dei gjort i Danmark, og det har fungert bra, fortel Belinda.
Arbeidet med å bytte ut er godt i gang. Det er ein nitidig arbeidsprosess som tek vel omsyn til helse, miljø og sikkerhet. I sommar blei den nye teknologien montert på Oksøy fyr utanfor Kristiansand. Vel 27 liter kvikksølv vart tappa ut. Det vog over 350 kilo. Kvikksølvet vert levert til Norsk Gjenvinning. I byrjinga av november gjorde dei samme arbeid ved Ryvingen fyr utanfor Mandal.
Etter kvart skal kvikksølvet også fjernast på ti andre fyr. Alt kvikksølv skal være borte innen utgangen av 2018.
Siste nytt
-
Ny podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
-
Høring av forskrift om kommunal beredskap mot akutt forurensning
Kystverket forslag til forskrift om kommunal beredskap er nå ute på høring. Forskriften vil erstatte forurensningsforskriften kapittel 18A om kommunal beredskap mot akutt forurensning.
-
Hør podkaster fra Kystverket
I samarbeid med Lørn.tech har Kystverket spilt inn en podkastrekke, der de overbyggende temaene er teknologi, utvikling og innovasjon. I podkastene blir vi også bedre kjent med Kystverket og etatens samfunnsansvar og oppgaver.
-
Anbefaler nasjonalt maritimt responssenter
Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har utarbeidet forslag til maritim strategi for digital sikkerhet. Etatene kommer med flere konkrete anbefalinger, inkludert etablering av nasjonalt responssenter.
-
Ny organisering av Kystverket frå 1. januar
– Brukarar og samarbeidspartnarar skal ikkje merke noko til organisasjonsendringa vår. Vi er framleis til stades langs heile kysten, med dei same oppgåvene – og med minst like høg servicegrad som før, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- Gå til nyhetsarkiv