Fjerna eigarlause blåskjelanlegg
I oktober fjerna Kystverket Vest ti eigarlause blåskjelanlegg i Sogn og Fjordane. Anlegga har stått utan tilsyn i mange år og måtte fjernast for å hindre ulykker i skipstrafikken og skader på miljø og marint liv.
– Dette er eigarlause, forlatte konkursbu som utgjer ein fare for skipsfarten. Dei fleste av anlegga har stått utan tilsyn i opptil ti år, og undersøkingar viser at fleire av anlegga står i fare for å slite seg. Kystverket har difor prioritert å fjerne desse anlegga så snart som mogeleg for å unngå at det skjer ulykker og andre uønska hendingar i skipstrafikken, seier prosjektleiar Lene Mathisen i Kystverket Vest.
Ein risiko for skipsfarten
Oppryddingsarbeidet er eit risikoreduserande tiltak i Kystverkets arbeid med å tilrettelegge for sikker og god framkome i sjø og verne om miljøet langs kysten.
Ein risikovurdering som vart utført for eigarlause blåskjelanlegg Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane syner at anlegga er i dårlig forfatning og ligg utsatt til for skipstrafikk.
I Sogn og Fjordane, kor oppryddingsarbeidet no er ferdig, hadde fleire av anlegga sokke, slik at tau og blåser låg skjult like under vassoverflata. Anlegga vart heller ikkje merka eller godt synlege for sjøfarande som ferdast i desse områda.
Må fjernast
I 2007 kom det krav om at eigarar av nye oppdrettsanlegg må stille økonomisk garanti for fjerning av anlegg ved eventuell konkurs. Ettersom dei aktuelle anlegga i Sogn og Fjordane vart etablert før dette regelverket kom på plass, vart det ikkje satt av midlar i næringa til å fjerne desse.
På bakgrunn av denne problematikken blei Kystverket Vest tildelt tolv millionar kroner til å fjerne blåskjelanlegg i fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
I løpet av november skal ytterlegare 14 eigarlause blåskjelanlegg fjernast i Hordaland. Dette arbeidet startar opp i neste veke.
Utstyr skal resirkulerast
Anleggskomponentar som vert tatt opp skal til gjenvinning, i så stor grad som mogeleg. Restar som ikkje kan resirkulerast blir levert til godkjent avfallsmottak.
Oppryddingsarbeidet i Sogn og Fjordane og Hordaland vert utført av Ragn-Sells AS og Optiship AS på oppdrag frå Kystverket Vest.
Siste nytt
-
Flere kartleverandører tilbyr Kystverkets digitale seilingsruter
Navigatører som abonnerer på elektroniske sjøkart fra PRIMAR, får i denne tjenesten nå også tilgang til Kystverkets digitale referanseruter for navigasjon.
-
Millionavtale med Partnerplast
Kystverket har inngått avtale med Partnerplast om å få levert sjømerker av typen Dirigens.
-
Nå begynner arbeidet med Stad skipstunnel
Kystverket har nå mottatt oppdragsbrevet fra Samferdselsdepartementet, som i realiteten gir grønt lys til oppstart av forarbeidet for bygging av Stad skipstunnel.
-
Tryggere skipsfart i nordområdene
Tilbyr sjøfarende en rekke tjenester som er viktig for sikkerhet, fremkommelighet og miljø i Arktis.
-
Høring: Forskrift om Krigsnavigasjonstjenesten
Kystverket har på vegne av Samferdselsdepartementet sendt på høring utkast til forskrift om Kystverkets støtte til Forsvaret ved kriser og i krig (Krigsnavigasjonstjenesten ). Fristen for høringssvar er 14. mai
- Gå til nyhetsarkiv