Har fjerna 40 eigarlause blåskjelanlegg på Vestlandet
Oppryddingsaksjonen for fjerning av eigarlause blåskjelanlegg i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er no avslutta. Kystverket har fjerna totalt 40 anlegg som stod i fare for å slite seg etter fleire år utan tilsyn. Totalt er det tatt opp om lag 600 tonn plast, metall og betong frå anlegga.

– Arbeidet med opprydding av eigarlause blåskjelanlegg har vore spennande og utfordrande. Eg håper at den jobben Kystverket har gjort set fokus på forlatne anlegg og den negative påverknaden dette har på sikkerheit og miljø til sjøs, seier prosjektleiar Lene Mathisen i Kystverket Vest.
Oppryddingsaksjonen har vore mogeleg sidan regjeringa ga Kystverket løyving til å fjerne dei særs utsette anlegga. Hovudansvaret til Kystverket er å leggje til rette for sikker og god framkome i sjø, og verne om marint miljø i hovud- og bileier. Fleire av anlegga låg utanfor hovud- og bileier og derfor innan kommunane sine ansvarsområde, men på grunn av den dårlege forfatninga på anlegga og auka risiko for uønska hendingar i skipstrafikken, valte Kystverket i desse tilfella å ta eit særskilt ansvar for å fjerna anlegga. Mange av dei var opptil fleire hundre meter lange, hadde delvis slite seg og utgjorde ein fare for farty, miljø, fisk og anna dyreliv.
– Sjøtransporten skal vere ei effektiv, trygg og miljøvenleg transportform. At vi her sikrar seglingsleier og bidrar til å redusere uønska miljøpåverknad i kystsona, er ein naturlig del av Kystverket si verksemd. Tilbakemeldingane vi har mottatt for dette tiltaket frå kommunar, navigatørar og andre som bruker kystsona har vore udelt positive, seier regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket Vest.
Eit «eigarlaust» dilemma
Eigarlause og forlatne blåskjelanlegg har vore ei utfordring sidan mange blåskjeleigarar gjekk konkurs på 2000-talet. Dei fleste eigarane hadde ikkje sett av midlar til å fjerne anlegga. Dei massive anlegga har derfor lege utan tilsyn i opp mot eit tiår. Først i 2007 kom det krav om at eigarar av nye oppdrettsanlegg må stille økonomisk garanti for fjerning av anlegget ved ein eventuell konkurs.
På bakgrunn av denne problematikken blei Kystverket Vest tildelt tolv millionar kroner til å fjerne blåskjelanlegg i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Før oppryddinga starta, viste ei kartlegging at ein del av anlegga allereie var fjerna av eigarar eller andre.
Miljøet står i høgsetet
Eit av hovudmåla til Kystverket vore å gjenvinne mest mogeleg av avfallet. I Hordaland og Sogn og Fjordane er det sortert og fjerna rundt 108 tonn avfall frå anlegga, deriblant blanda metall (ca. 5%), betong (ca. 13%) og plast (ca. 82%). I disse to fylka har 100 prosent av avfallet gått til gjenbruk.
I Rogaland er det sortert og fjerna rundt 488 tonn, deriblant blanda metall (ca. 10%), betong (ca. 21%) og plast (ca. 30%). Resten består av blanda avfall. I Rogaland har om lag 65 prosent av avfallet gått til gjenvinning.
Oppryddingsarbeidet vert utført av Ragn-Sells AS og Optiship AS på oppdrag frå Kystverket Vest.
Eksterne lenker
Relaterte tema
Siste nytt
-
Flere kartleverandører tilbyr Kystverkets digitale seilingsruter
Navigatører som abonnerer på elektroniske sjøkart fra PRIMAR, får i denne tjenesten nå også tilgang til Kystverkets digitale referanseruter for navigasjon.
-
Millionavtale med Partnerplast
Kystverket har inngått avtale med Partnerplast om å få levert sjømerker av typen Dirigens.
-
Nå begynner arbeidet med Stad skipstunnel
Kystverket har nå mottatt oppdragsbrevet fra Samferdselsdepartementet, som i realiteten gir grønt lys til oppstart av forarbeidet for bygging av Stad skipstunnel.
-
Tryggere skipsfart i nordområdene
Tilbyr sjøfarende en rekke tjenester som er viktig for sikkerhet, fremkommelighet og miljø i Arktis.
-
Høring: Forskrift om Krigsnavigasjonstjenesten
Kystverket har på vegne av Samferdselsdepartementet sendt på høring utkast til forskrift om Kystverkets støtte til Forsvaret ved kriser og i krig (Krigsnavigasjonstjenesten ). Fristen for høringssvar er 14. mai
- Gå til nyhetsarkiv