Først i verda med trådlaust nettverk til sjøs
Noreg er første nasjon i verda som får på plass maritimt breiband på fartøy og fly i statlig teneste. Dette vil gi muligheiter for informasjonsutveksling som kan være avgjørande for å avgrense skade ved ulykker.

Det er norske Kongsberg Seatex og Radionor som har utviklet Maritime Broadband Radio (MBR). I motsetning til tidlegare system vil det maritime breibandet være svært stabilt og ha stor rekkevidde. Det vil mellom anna være mulig å strøyme video i HD-kvalitet.
MBR krev ingen tilkopling til internett for å kunne knytte saman einingane i nettverket, sjølv om det òg er mogeleg å overføre data frå nettverket via internett.
Om bord i fartøy og fly
Kystverket og NOFO (Norsk oljevernforening for operatørselskap) er dei første i verda som tar i bruk den norskproduserte teknologiske nyvinninga. Kystverket installerer breibandet på alle sine oljevernfartøy og på 10 kystvaktfartøy med oljevernutstyr om bord. NOFO gjer det same på sine oljevernfartøy. Overvåkingsflyet LN-KYV, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Kystverket, NOFO og Kystvakten, har allereie fått installert MBR om bord.
Styrkar oljevernberedskapen
Ved eit akutt oljeutslepp vil MBR legge til rette for ei betydeleg raskare og betre informasjonsutveksling mellom dei ulike einingane i innsats. Bilete, kart og video vil overføras raskt og tiltak kan setjast i verk på bakgrunn av eit felles etablert, samtidig situasjonsbilete.
- Dette blir ei stor forbetring og fører til at vi kan kommunisere med alle einingane som deltek i ein oljevernaksjon og dele data uavhengig av internett. Ved å bruke MBR kan vi kome raskare i gang med dei rette tiltaka, seier seniorrådgjevar i Kystverket, Kjetil Aasebø.
Bilete under: Maritimt breiband, MBR, er også på plass på Kystverket overvåkningsfly LN- KYV. (Foto: Kystverket)
Siste nytt
-
Podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
-
Høring av forskrift om kommunal beredskap mot akutt forurensning
Kystverket forslag til forskrift om kommunal beredskap er nå ute på høring. Forskriften vil erstatte forurensningsforskriften kapittel 18A om kommunal beredskap mot akutt forurensning.
-
Hør podkaster fra Kystverket
I samarbeid med Lørn.tech har Kystverket spilt inn en podkastrekke, der de overbyggende temaene er teknologi, utvikling og innovasjon. I podkastene blir vi også bedre kjent med Kystverket og etatens samfunnsansvar og oppgaver.
-
Anbefaler nasjonalt maritimt responssenter
Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har utarbeidet forslag til maritim strategi for digital sikkerhet. Etatene kommer med flere konkrete anbefalinger, inkludert etablering av nasjonalt responssenter.
-
Ny organisering av Kystverket frå 1. januar
– Brukarar og samarbeidspartnarar skal ikkje merke noko til organisasjonsendringa vår. Vi er framleis til stades langs heile kysten, med dei same oppgåvene – og med minst like høg servicegrad som før, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- Gå til nyhetsarkiv