Sjå bilete frå jubileumsmarkeringa på Runde















Laurdag 2. september blei det markert at det er 250 år sidan det fyrste kolfyret vart tend på øya Runde, i Herøy kommune på Sunnmøre. Godt over 300 personar tok turen til fyrstasjonen, og fekk oppleve historieforteljing, talar, korsong, spel og konsert med Ola Bremnes.
Fyrstasjonen på Runde er ein av dei eldste i landet, og kolfyret som vart tend i 1767 var det fyrste nord for Stad. Gjennom 250 år har det vore ei lang og tidvis dramatisk historie knytt til fyret og området ved Runde. Noko av denne historia blei skildra for dei frammøtte, med underholdande scener frå Rundaspelet.
Guri Aasen serverte gamal overtru med stor innleving, Runde blandakor (med eldste medlem på over 90 år!) overbeviste med vakker song, mens det avslutningsvis blei konsert med Ola Bremnes. Han hadde med seg gitarist Tore Bruvoll frå gruppa Hekla Stålstrenga.
Noko som nok var eit høgdepunkt for dei frammøtte var når Bremnes/Bruvoll, saman med Runde blandakor, framførte visa «Har du fyr». Sjeldan har vel ramma og omgivnadane vore meir perfekt for denne visa, som er ein hyllast til fyra – og som skildrar kor viktig dei alltid har vore for dei som ferdest langs norskekysten.
Markeringa på Runde blei arrangert av Kystverket, i samarbeid med Runde Grendalag, Ålesund og Sunnmøre turistforeining og Herøy kommune. Dei aller fleste som var med på markeringa hadde gått dei knappe fire kilometrene over fjellet på øya, frå Goksøyr. Nokre blei òg skyssa med helikopter, som gikk i skytteltrafikk for anledninga. Dermed var det mange som fikk eit kjærkome gjensyn med fyrstasjonen.
Fakta
Runde fyr
- Beliggenhet: Herøy kommune, Møre og Romsdal
- Opprettet: 1767 (Kullfyr i privat drift)
- Funksjon: Kystfyr
- Utvikling: Nytt kullfyr i 1815 og 1826.
- Høyt jerntårn i 1858; avkortet i 1910.
- Dagens fyrtårn er fra 1935.
- Øvre del av jerntårnet ble demontert 1940-45. Det er ukjent hvor denne delen befinner seg. Nederste del av jerntårnet er bevart.
- Automatisert i 1987. Avbemannet i 2002.
- Vernestatus: Fredet etter Kulturminneloven 2001.
- Eier: Staten, ved Kystverket. (Kilde: fyr.no)
Eksterne lenker
Relaterte tema
Siste nytt
-
Nye regler om fartsgrenser på sjøen
Alle båtførere må være forsiktige og tilpasse farten etter forholdene. I tillegg kan man ikke ha høyere fart enn fem knop innenfor 50 meter fra steder hvor folk bader eller − fra bademerkebøyer. Disse reglene gjelder i tillegg til lokale fartsgrenser.
-
Kystverket overtar SOMMs ansvar innen oljevern
Endringene trer i kraft 1. januar 2022.
-
Nå kan fartøy forhåndsmelde seilasen digitalt til sjøtrafikksentralene i SafeSeaNet
Dermed kan fartøy før ankomst til eller avgang i tjenesteområdet sende inn søknad om å bruke tjenesteområdet til sjøtrafikksentralene gjennom SafeSeaNet. For fartøy med større lengde enn 100 meter eller for fartøy med farlig eller forurensende last er det et krav om at slik søknad skal sendes inn minst en time før avgang.
-
Få søknadsveiledning – spar tid og arbeid
I mai er det søknadsfrist for både tilskuddsordningen for godsoverføring og tilskuddsordningen for effektive og miljøvennlige havner. Kystverket tilbyr veiledningsmøter i forkant av søknadsfristen, slik at potensielle søkere får forbedret søknadene sine.
-
Øvelse Arctic Guardian – landene i Arktisk råd samarbeider om søk og redning og miljøberedskap
Kystverket, Hovedredningssentralen og Kystvakten deltar 12.-14. april på den internasjonale beredskapsøvelsen Arctic Guardian 2021.
- Gå til nyhetsarkiv