Publisert: , Oppdatert:

Andre søknadsrunde for tilskot til hamnesamarbeid

Årets første søknadsrunde er avslutta, og 13 søknadar fekk tilsegn om tilskot. Dei restrerande midlane blir no lyst ut med søknadsfrist 5. mai 2019.

Tilskot til hamnesamarbeid skal bidra til å få meir gods på sjø ved at konkurranseevna til sjøtransporten vert styrkt gjennom auka transportkvalitet og reduserte prisar.

– Sjølv om det var god interesse i første utlysingsrunde er det framleis om lag 2,5 millionar kroner igjen. Erfaringa frå tidlegare år er at det framleis er mogleg å finne gode prosjekt som kan ferdigstillast innan 30. november. Vi oppmodar derfor om at dei som ønsker å starte eit prosjekt hiv seg rundt og søker om tilskot, seier Øyvind Sandbakk i Kystverket.

Fristen for å søke er 5. mai 2019.

Meir informasjon om ordninga finn du på www.kystverket.no/havnesamarbeid 

Siste nytt