Publisert: , Oppdatert:

Funn av sjeldne jordmetall var Kystverkets aprilspøk

Aprilspøk: Kjerneprøveboringa gjennom fjellet der Stad skipstunnel er planlagt har ført til uventa funn av sjeldne jordmetall. Funna kan få konsekvensar for prosjektet.

Kjerneprøveboringa pågår no for fullt. Dei foreløpige analysene av dei prøvene som er gjort så langt har bydd på ei overrasking. I dei er det nemleg funn som tyder på omfattande forekomstar av dei sjeldne jordmetalla scandium og thulium.

– Analysene stadfestar funn av disse metalla, men det er altfor tidleg å konkudere med kva konsekvensar funna vil ha for prosjektet. Kjerneboringa skal halde fram i fleire veker til. Vi vil derfor vite mykje meir i løpet av ein månad eller to. Grunnen til at vi allereie no stadfestar funna i dei foreløpige analysene er at vi veit at ryktet har spreidd seg, både lokalt og i fagmiljøet, og vi ønsker ikkje spekulasjonar rundt det, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Scandium og thulium er sjeldne jordmetall (sjå faktaboks). Spesielt thulium har høg pris på verdsmarknaden.

Overraskande
Funna kjem overraskande på dei som jobbar med prosjektet. Ingen av dei loddrette kjerneboringane som tidligare er utført har vist spor etter slike metall.

– At vi får desse funna i den vannrette kjerneboringa som no foregår, viser kor viktig, og riktig, beslutninga om å foreta ei slik boring var. Vi får då eit tverrsnitt som er mykje meir korrekt enn dei loddrette prøvene. At vi skulle få slike funn var det nok likevel berre dei færraste som hadde trudd – om i det heile tatt nokon, fastslår Arset.

Samstundes har ein magnetiseringsproblematikk knytt til boreutstyret no fått ei mogeleg forklaring.

– Vi har fått meldingar frå entreprenøren om at det periodevis har vore problematisk å stoppe boringa. Dette knyter entreprenøren no til funna av dei sjeldne jordmetalla, fortel sjefingeniør i Kystverket, Jarle Strand.

Kan finansiere skipstunnelen
I yttarste konsekvens kan kommersiell utvinning av dei sjeldne jordmetalla gjere at tunnelprosjektet vert sjølvfinansiert.

– Vi har vore i kontakt med internasjonale aktørar som driv kommersiell utvinning av desse metalla. Deira foreløpige vurderingar av analysefunna er at konsentrasjonen er høg nok til at det er kommersielt drivverdig. Nokon endeleg konklusjon vil dei likevel ikkje gi før alle prøvene er analysert, opplyser han.

Skulle konklusjonen vere at det er grunnlag for kommersiell utvinning av scandium og thulium, opnar dette for fleire mogelege scenario.

– På nokre områder vil dette komplisere prosessen, då det vil seie at vi må bruke meir tid på å gå gjennom prosjektet og få dei nødvendige godkjenningane. På andre områder vil det kunne forenkle. Kommersiell utvinning kan gjere tunnelen sjølvfinansiert, noko som inneber at det politisk vil vere lettare å gi grønt lys til prosjektet. Det kan også tenkast at utvinninga kan skape nye arbeidsplassar lokalt, sjølv om det mest sannsynlege er at massene blir frakta ut til allereie eksisterande anlegg for vidare raffinering, forklarar Strand.

Opnar for fleire mogelege løysingar
Samstundes ser han at det er fleire sider ved prosjektet som no må bli vurdert på nytt.

– Det kan til dømes då verte aktuelt å hente fram den gamle idéen om å ha to tunnelløp, slik at vi får ein tunnel for nordgåande skipstrafikk og ein for sørgåande. Det kan også vere aktuelt å lage ei eiga hamn inne i tunnelen, for utskiping av masse dersom det viser seg at ei utvinning kan foregå i sidetunnelar etter at hovudtunnelen er opna for vanleg skipstrafikk, seier Strand, og understrekar samstundes at det er for tidleg å spekulere i kva som vert enden på visa.

– No må vi først få analysert alle kjerneprøvene. Det vil som sagt gå eit par månader før vi kan seie noko meir om kva resultata viser. Inntil dei endelege analysene er klare må vi følge det løpet som er lagt opp, avsluttar sjefingeniør Strand.

Fakta

Scandium

Scandium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Sc og atomnummer 21.

Forekomst
Scandium er eit sjeldant grunnstoff som berre fins i eit fåtal mineral. I framstillinga av reint scandium blir hovudsakleg thortveititt (oppkalt etter den norske ingeniøren Olaus Thortveit) brukt som råmateriale. Av thortveititten blir scandiumoksid utvunne gjennom fleire prosess-steg. Reint scandium vert utvunne av scandiumoksid gjennom ein kjemisk reduksjon med fluor og kalsium.

Bruksområde
Scandium vert brukt i aluminiumlegeringar. Det blir også nytta i høg-ytelses kvikksølvdamplamper, og saman med holmium og dysprosium gir disse lampene eit lys som er tett opp til dagslys i fargetemperatur. Vidare blir scandium nytta i framstillinga av laserkrystallar. Magnetiske datalagringsmedia blir tilsett scandiumoksid for å auke magnetiseringshastigheita.

Thulium

Thulium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Tm og atomnummer 69.

Forekomst
Thulium eksisterar ikkje naturleg i rein form, men fins i mineral som gadolinitt, euxenitt og monazitt. Det er det minst vanlege av dei sjeldne jordmetalla, og andelen i jordskorpa er om lag 0,45 ppm. Årleg vert det produsert om lag 50 tonn thuliumoksid på verdensbasis. Sidan thulium er sjeldant og vanskeleg å utvinne, kostar metallisk thulium omtrent 50 USD per gram.

Bruksområde
På grunn av den høge prisen på thulium har det få kommersielle bruksområder. Isotopen 170Tm blir brukt som gammastråle-kjelde i bærbare radiografiske instrument for materialinspeksjon på utilgjengelege plassar. Thulium vert også nytta i laserar og som blått lysstoff i nyare plasmaskjermar.

(Kjelde: Wikipedia)

Siste nytt