Publisert: , Oppdatert:
- Ingvild Kragset

Signerte dei første avtalene om overføring av statlege fiskerihamner til fylka

Kystverket har inngått avtaler om overføring av statlege fiskerihamner med fem fylkeskommunar i Sør-Norge.

Dei fem avtalene gjeld til saman meir enn 150 hamner i Nye Viken fylkeskommune, Nye Vestfold og Telemark fylkeskommune, Agderfylka, Rogaland og Nye Vestland fylkeskommune. Fylka overtek den statlege hamneinfrastrukturen med verknad frå 1. januar 2020.

- Å etablere infrastruktur for fiskeria har i alle år vore eit viktig oppdrag for Statens Hamnevesen og Kystverket. Utbygginga har hatt store ringverknader for mange lokalsamfunn langs kysten, uttaler kystdirektør Einar Vik Arset.

Stortinget har vedteke at eigarskap og forvaltning av dei statlege fiskerihamnene skal overførast til regionalt forvaltningsnivå etter nærare avtale mellom Kystverket og dei enkelte fylka. Statens Hamnevesen og Kystverket har etablert fleire enn 700 fiskerihamner over ein periode på 150 år.

- Hamneportefølja til staten er eit solid fundament som fylka kan byggje vidare på i utvikling av næring og samfunn framover, meiner kystdirektøren.

Det er altså dei fyrste avtalene om overføring av fiskerihamner som no er på plass. Avtaler med dei resterande fylka vert inngått i oktober og november dersom alt går etter planen.

Parallelt med prosessen knytt til avtaleinngåing gjennomfører Kystverket kompetanseoverføring til fylka i form av samlingar og webinar. Målsetnaden er at fylka skal kjenne seg tryggje i rolla som utviklar og forvaltar av hamneinfrastruktur.

Ein del av dei statlege fiskerihamnene er ikkje lenger i bruk av fiskerinæringa. Kystverket skal søke å avhende desse hamnene før regionreforma trer i kraft. Ei del hamner vil difor verte selde til kommunar, foreiningar eller private aktørar i løpet av 2019.

Avtalene:

Siste nytt