Publisert: , Oppdatert:

Seminar om risiko og beredskap i arktiske farvatn

Bellona, Sjøfartsdirektoratet og Kystverket inviterer til seminar under Nor-Shipping 2019. Seminaret vil fokusere på arktiske farvatn og har som mål å gi klarheit i styringa av risiko og beredskap.

Fregatten KNM Helge Ingstad. (Foto: Kystverket)

I vinter opplevde vi fire alvorlege hendingar i norske farvatn i løpet av fem månader. Dei var veldig ulike, og avslørte korleis ulykkesrisikoen kan utvikle seg, trass moderne teknologi, trafikkovervaking og beredskap. 

  • Kva om fregatten hadde forårsaka eit hol råoljetankane i kollisjonen?
  • Kva om Northguider hadde grunnstøtt berre fem minutts flytid lenger unna Longyearbyen og forårsaka eit oljesøl?
  • Kva om ankera på Viking Sky og Hagland Captain ikkje hadde festa seg?
  • Er vernet av menneske og kysten basert på tilfeldigheiter?

Er sikkerheita og beredskapen til sjøs på eit akseptabelt nivå, og kan vi beskytte passasjerar, mannskap, skip og kyst frå katastrofar?

Når og kvar: Torsdag 6. juni, kl 0900–1200, i SKUR 13 på Tjuvholmen i Oslo

Siste nytt