Publisert: , Oppdatert:

Miljødirektoratet gir Kystverket tillating til å gjennomføre Borg-prosjektet

Miljødirektoratet stiller ei rekke strenge krav i tillatinga til mudring, sprenging og deponering i samband med utdjupingsprosjektet i Borg havn i Fredrikstad og innseglinga til denne.

Seilingsleden Røsvikrenna med Borg havn og Øra industriområde i bakgrunnen.
Seilingsleden Røsvikrenna med Borg havn og Øra industriområde i bakgrunnen.

Utbetringa av innseglinga til Borg havn er viktig og gir på sikt gevinstar for både samfunn, miljø og klima. Kystverket var forberedt på at miljøkrava blir strenge då dette er eit område med verdifulle og sårbare naturverdiar.

Prosjektleiinga vil no bruke dei komande månadane til å sette seg inn i og utgreie kva konsekvensar krava i tillatinga til mudring, sprenging og deponering får for den vidare planlegginga og framdrifta i prosjektet.

Siste nytt