Losa verdas største kranrigg
I ein komplisert operasjon blei verdas største kranfartøy Sleipnir losa inn til Haugesund.

Utstyret bestod testen: Det spesielle med Sleipnir-oppdraget var det nye og banebrytande kartvisningsverktøyet S-100 Demonstrator som losane hadde med seg om bord.
– Det nye kartformatet for djupnedata «S-102» gjer at vi ser havbotnen i detalj med høgoppløyste 3D-bilder. I kombinasjon med våre elektroniske sjøkart og landinformasjon gir bildet ei enorm situasjonsforståing. Vi kunne også vise ein modell av Sleipnir i S-100 Demonstratoren, og visualisere fartøyet i alle vinklar – både før og under oppdraget, fortel statslos Modstein Hansen.
Gikk etter planen
Modstein Hansen og losformann Svein Egil Monsen manøvrerte det nye kranfartøyet Sleipnir gjennom svært tronge farvatn. S-100 Demonstratoren vart kopla direkte opp til losen sine eigne presise navigasjonssystem, og dermed fekk også losen eit tilnærma sanntidsbilde for posisjon undervegs på seilasen i verktøyet. Losane kunne fortelle at operasjonen gjekk som planlagt. Det var gode vêrforhold, alle nye system fungerte som forventa, og det var ingen overraskingar undervegs.
Stort fartøy, små marginar
– Sleipnir er det djupaste og breiaste fartøyet som nokon gong har vore inn til Haugesund. På den trongaste staden var det berre få meter klaring på kvar side. Det nye 3D-formatet gav oss ekstra sikkerheit under oppdraget, understrekar han.
Planlagt i lang tid
– Dette var ein svært komplisert operasjon som gjekk over to døgn. Difor var vi to losar, fortel Hansen. Både han og losformann Svein Egil Monsen har lang erfaring med krevjande oppdrag. Denne gongen var djupgangen den største utfordringa, og begge brukte mykje tid på å førebu seg i forkant av oppdraget.
– Vi hadde godt samarbeid med Karmsund hamn og Kvitsøy VTS, som stengte farvatnet då Sleipnir passerte, fortel losformann Svein Egil Monsen.
Øvde i simulator
S-100 Demonstrator-verktøyet var svært nyttig under planlegginga, blant anna ved trening i simulator hos reiaren Heerema.
– I simulatoren testa vi kor mykje vind og strøm som var forsvarlig, og kompliserte også oppdraget med ei rekke andre utfordringar, mellom anna med to propellar ute av drift, fortel Monsen.
Reduserer risiko
Med bruk av ny teknologi som S-100 Demonstratoren, kan Lostenesta redusere risiko og utfordre eksisterande marginar for å gjennomføre meir krevjande oppdrag.
– Å kunne ta kranriggen Sleipnir heilt inn til verftet Aibel i Haugesund sparte kunden for store summar, seier Hansen.
Ved passering av det trongaste området hadde Sleipnir to propellarar (av åtte) ute av drift, både på vegen inn og ut. Dei stikk heile 6,5 meter under kjølen, og vart difor trukke opp ei kort periode for å få litt bedre klaring.
Tidspress
I tillegg til S-100 Demonstrator nytta losane sine egne offisielle verktøy for navigasjon, og ikkje minst viktig kunnskap om lokale forhold. – Losen si oppgåve var å kvalitetssikre ruta til Sleipnir, unngå grunner og sørge for at seglinga gjekk kontrollert både inn og ut, seier Monsen.
– Med dei nye djupnekarta tilgjengelig får losen eit heilt anna bilde av tilhøva på havbotnen. Dette er spesielt viktig når vi går så nær land. På grunn av tidevass-straumen var tidspresset stort. Vi måtte raskt inn og raskt ut igjen, og det gjekk heldigvis svært kjapt, seier Monsen.
Utstyret bestod testen
– Dette oppdraget skil seg frå andre enklare losingar ved at vi må stole meir på utstyret vi tek med oss, meiner han.
– Både tidevasstraumar, tronge sund og fleire grunner måtte forserast på ein sikker måte. Vi var derfor heilt avhengige av eit godt posisjoneringssystem som opererte uavhengig av fartøyet sine eigne system. Dette gav heile operasjonen ekstra tryggleik på at vi til ei kvar tid faktisk var der vi skulle vere, seier Hansen.
Aukar konkurransekrafta
– Sleipnir-oppdraget viser viktigheten av å kombinere losfagleg kunnskap med muliggjerande teknologi for å redusere risiko i operasjonar. Dette vil også bidra til å auke konkurransekrafta til norsk næringsliv, meiner Erik Blom, losdirektør i Kystverket.
– Frå land ser det kanskje ikkje så ille ut. Men vi veit kor trongt det eigentleg er på botnen, og det ser vi tydeleg på dei detaljerte 3D-karta, understrekar statslos Svein Egil Monsen. Foto: Anne Grethe Nilsen/Kystverket
S-100 Demonstrator er under utvikling i prosjektet «Norsk mulighetssstudie-IHO S-100 Porteføljen» av Kongsberg Digital saman med Kystverket, Kartverket Sjødivisjonen, Forsvaret, PRIMAR, og blir leia av Electronic Chart Centre (ECC). Prosjektet er basert på midlar frå Norges Forskningsråd i MAROFF2 programmet.
Ein ny uavhengig sensor for presis navigasjon (AD XR2), utvikla av det norske firmaet AD Navigation, vart også testa i denne operasjonen.
Losane Modstein Hansen og Svein Egil Monsen blei frakta ut til Sleipnir med helikopter. På grunn av den pågåande covid-10-pandemien var munnbind med i bagasjen.
Siste nytt
-
Ny podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
-
Høring av forskrift om kommunal beredskap mot akutt forurensning
Kystverket forslag til forskrift om kommunal beredskap er nå ute på høring. Forskriften vil erstatte forurensningsforskriften kapittel 18A om kommunal beredskap mot akutt forurensning.
-
Hør podkaster fra Kystverket
I samarbeid med Lørn.tech har Kystverket spilt inn en podkastrekke, der de overbyggende temaene er teknologi, utvikling og innovasjon. I podkastene blir vi også bedre kjent med Kystverket og etatens samfunnsansvar og oppgaver.
-
Anbefaler nasjonalt maritimt responssenter
Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har utarbeidet forslag til maritim strategi for digital sikkerhet. Etatene kommer med flere konkrete anbefalinger, inkludert etablering av nasjonalt responssenter.
-
Ny organisering av Kystverket frå 1. januar
– Brukarar og samarbeidspartnarar skal ikkje merke noko til organisasjonsendringa vår. Vi er framleis til stades langs heile kysten, med dei same oppgåvene – og med minst like høg servicegrad som før, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- Gå til nyhetsarkiv