Publisert: , Oppdatert:
- Lill Therese Opsahl Haugen

Lostenesta til topps med GPS-prosjekt

Visste du at GPS-signala vi er så avhengige av har mindre effekt enn lyspæra på nattbordlampa di? Kystverket vil no utvikle ny sensorteknologi for å gjere GPS-signal i navigasjonsverktøy mindre sårbare.

GPS er eit viktig støtteverktøy for losen, spesielt i større operasjoner og i trange farvann der marginane er små. No vil lostenesta utvikle teknologi for å gjere signala mindre sårbare. Foto: Jostein Geitung Larsen/Kystverket

Kystverket er ein av vinnarene i Innovasjon Norge si konkurranse om Innovasjonspartnerskap. Gjennom utvikling av portabel sensorteknologi vil lostenesta auka sjøsikkerheten ved å gjere GPS-signal i navigasjonsverktøy meir pålitelige. Premien er på om lag 8,5 millionar kroner, og går til finansiering av prosjektet.

Viktig støtteverktøy
En los skal alltid kunne føre skip trygt i hamn, utan kart i «tåke, regn og snøtjukke» og med radar som einaste hjelpemiddel. GPS er likevel eit viktig støtteverktøy, spesielt i større operasjoner der marginane er små. 

– Bortimot all navigasjon til sjøs nyttar i dag GPS/GNSS (Global Navigation Satellite System) som hovudkjelde til fartøyet sin posisjonbestemmelse. Samtidig er det fleire faktorar som kan verke inn på nøyaktigheita på signala som losen tek i mot på sine teknologiske støtteverktøy. Det kan føre til farlege situasjonar og uønskte hendingar, som trugar transportsikkerheita, fortel losdirektør Erik Blom i Kystverket.

Sårbare signal
Prosjektet vil difor utvikle ein portabel sensorteknologi som aukar sikkerheita, og som er tilpassa dei behova som Kystverkets Losteneste har.

– Vi ser aukande avhengighet av GPS i navigasjonsverktøy i skipstrafikken. Samtidig er det eit sårbart signal som kjem frå GPS-satellittar 20 000 kilometer over hovuda våre, med ein effekt på berre 25 W. Det er mindre enn lyspæra på nattbordlampa di, fortel Odd Sveinung Hareide i lostenesta.

Signal kan bli "hacka"
Utfordringa er at GPS-signala kan falle bort, enten utilsikta eller gjennom sabotasje og «hacking» av signal.

– Såkalla «jamming» (interferens) og «spoofing» (narring) er vanligare enn vi likar å tru, og utgjer ein risiko for sjøsikkerheita, seier Odd Sveinung. Han understrekar at problemstillinga ikkje er unik for sjøfart, og at ein slik sensorteknologi vil vere til stor nytte for andre samfunnsaktørar, noko juryen frå Innovasjon Norge også påpeika.

Samarbeid med næringslivet
Innovasjonspartnerskap bidreg til offentlig-privat samarbeid der partene utviklar heilt nye løysingar.

– Med dette prosjektet viser Kystverket at dei er veldig ambisiøse og det er gledeleg å sjå at dei ønsker å samarbeide med næringslivet for å utvikle innovative løysingar for økt sikkerheit på havet. Vi gler oss til å følge dette spennande prosjektet vidare, seier direktør for Samfunns- og næringsutvikling i Innovasjon Norge, Vigdis Harsvik.

Totalt kom det inn 37 søknadar. Elleve gikk vidare til finalen, og åtte av prosjekta får no finansiering.

Siste nytt