Publisert: , Oppdatert:

Stor nedgang i passasjertrafikk medan godstrafikken auker

Kystverkets analyse av trafikkutviklinga til sjøs dei siste to vekene viser ein samla nedgang i skipsanløp til norske hamner, dominert av stor nedgang blant passasjerskip.

Illustrasjonsbilde. Skipsanløp ved Norsk Stein AS i Ryfylke, Rogaland. Foto: Kystverket/Anne Grethe Nilsen
Illustrasjonsbilde. Skipsanløp ved Norsk Stein AS i Ryfylke, Rogaland. Foto: Kystverket/Anne Grethe Nilsen

Totalt var det åtte prosent færre skipsanløp til norske hamner i perioden 16.–22. mars, enn perioden 2.–8. mars. Nedgangen utgjer 177 skipsanløp. I tala inngår alle seglasar som er pliktige til å melda informasjon om anløp i den nasjonale meldingsportalen SafeSeaNet Norway. Passasjer- og bilferjer i fast rute er unntatt frå denne meldeplikta.

Passasjerskip har størst reduksjon med heile 76 prosent nedgang, som utgjer 121 færre skipsanløp. Det skuldast stopp i cruisetrafikken, og at ti av dei 12 ferjene som går i fast rute til utanlandske hamner la til kai i perioden 15.–17. mars.

Medan passasjertrafikken er påverka av koronapandemien, går godstransport som normalt. Det er spegla i tala som viser ein auke på tre prosent i lasteskipstrafikken frå 2.-8. mars til 16.-22. mars. Tankfartøy, fiskefartøy, supplyskip, taubåtar og andre spesialskip viser ein mindre nedgang.

Tala er henta frå kystdatahuset.no ‒ Kystverkets datavarehus for maritime data ‒ der statistikk om skipsanløp er tilgjengeleg og søkbar for alle. På bakgrunn av koronapandemien har Kystverket etablert ein ny funksjonalitet i systemet for å overvake og analysera trafikkutviklinga til sjøs frå dag til dag. Ankomstmeldingar frå SafeSeaNet er tilgjengelig i nye dashbord i Kystdatahuset, som viser både ankomster og avganger per dag. I tillegg er det lagt til eit nytt dashbord basert på AIS-data som viser daglege passeringar på utvalte passeringslinjer. 

I Kystdatahuset kan ein finna data om anløp til norske hamner, seglingsmønster og trafikktypar. Data er henta frå Kystverkets AIS-system som gir kontinuerleg oversikt over skipstrafikken, og den nasjonale meldingsportalen SafeSeaNet Norway der skip melder informasjon om anløp til norske myndigheiter. Kystverket har høgt fokus på sikker og effektiv drift av desse systema for å ta i vare optimale tenester for skipsfarten.

Les meir om kystdatahuset her

Siste nytt