Digital konferanse gjennomførd
Torsdag vart Kyst- og havnekonferansen arrangert, men på grunn av koronapandemien blir årets konferanse gjennomført som webinar. Tilgjengeleg her for etternølarar.

Det var viktig å køyra konferansen også i år, via nett. Det handlar å halda kontakten med brukarane, presiserer regiondirektør Jan Morten Hansen i Kystverket Troms og Finnmark.
Sjå opptaket av årets Kyst- og havnekonferanse her.
- 2020 har vorte eit år der også Kystverket må gjera sitt på nye måtar. Vi vedtok tidleg at konferansen skulle bli eit webinar - i all hovudsak fordi brukarperspektivet står sterkt i regionen og Kystverket. Webinaret viste seg å bli ein suksess. Både i deltaking, gjennomføring og innhald. Likevel håper eg at vi kan samlast fysisk på konferansen i 2021, legg han til.
Over 200 deltakande
Konferansen vart kutta ned med ein dag og innleiingane var noko kortare enn vanleg. Men arrangørane var svært beviste på at innhaldet framleis var rikhaldig og relevant.
- Denne digitale konferansen var veldig godt gjennomført av gjengen i Honningsvåg. Denne typen prosjekt har ei rekke fallgruver som arrangørane elegant manøvrerte seg rundt, og med relevante tema, gode faglege bidrag og over 200 deltakande.
På det meste var det 260 innom konferansen og kystdirektør Einar Vik Arset meiner dette kan karakteriserast som ein suksess.
- Elles oppløftande å registrera den positive innstillinga statsråden har til tydinga til sjøtransporten for verdiskaping og at rolla vår iallfall ikkje er svekt inn mot NTP-rullering.
Nye Kystverket
Samferdselsminister Knut Arild Hareide var med på konferansen og fortalde mellom anna at Kystverket framleis skal bli verande over heile landet.
- Sjølv om Kystverket er i endring og skal organiserast etter funksjonsmodellen i framtida, så skal Kystverket framleis vera til stades over heile landet med robuste einingar.
Omorganiseringa trer i kraft over nyttår og då fell inndelinga av fem regionar bort. I dag har regionane har eit delegert regionalt ansvar for Kystverket sine operative og administrative oppgåver, på oppdrag frå Kystdirektøren.
«Det nye Kystverket» var òg tittelen på innlegget frå kystdirektøren, som du kan sjå her.
På programmet var det ei rekke deltakarar frå både forvaltning og næringsliv. Ønsket for konferansen var også i år å belysa utfordringane i framtida langs kysten – og korleis Kystverket møter desse. I tillegg til omorganisering var tema torsdag knytt til kampen om sjøareala, tilrettelegging for sjøtransporten og NTP 2022-2033.
Siste nytt
-
Flere kartleverandører tilbyr Kystverkets digitale seilingsruter
Navigatører som abonnerer på elektroniske sjøkart fra PRIMAR, får i denne tjenesten nå også tilgang til Kystverkets digitale referanseruter for navigasjon.
-
Millionavtale med Partnerplast
Kystverket har inngått avtale med Partnerplast om å få levert sjømerker av typen Dirigens.
-
Nå begynner arbeidet med Stad skipstunnel
Kystverket har nå mottatt oppdragsbrevet fra Samferdselsdepartementet, som i realiteten gir grønt lys til oppstart av forarbeidet for bygging av Stad skipstunnel.
-
Tryggere skipsfart i nordområdene
Tilbyr sjøfarende en rekke tjenester som er viktig for sikkerhet, fremkommelighet og miljø i Arktis.
-
Høring: Forskrift om Krigsnavigasjonstjenesten
Kystverket har på vegne av Samferdselsdepartementet sendt på høring utkast til forskrift om Kystverkets støtte til Forsvaret ved kriser og i krig (Krigsnavigasjonstjenesten ). Fristen for høringssvar er 14. mai
- Gå til nyhetsarkiv