Jaktar gode døme på bruk av geodata
Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønsker å vise fram nytteverdien av geodata og systema kring dei. Geodatarådet inviterer verksemder, organisasjonar, etatar og einskilde personar til å sende inn gode døme på produkt, teneste og løysingar basert på bruk av geografisk informasjon og den geografiske infrastrukturen. Frist for å sende inn er 30. oktober 2020.

Bruk av geografisk informasjon, eller geodata, legg grunnlaget for korleis vi som samfunn skal løyse dei store utfordringane. Oppdaterte geodata er naudsynt for å nå klimamåla, for næringsliv og innovasjon og for trygginga av Noreg i ein krisesituasjon, slik mellom anna Covid-19 pandemien har vist oss.
Kunnskap om smittespreiing, kva for sentrale samfunnsfunksjonar som ligg i dei utsette områda, relevante tiltak og god kommunikasjon byggjer på at geografisk informasjon er oppdatert og tilgjengeleg.
Geografisk informasjon gjer dei sjølvsagde oppgåvene i kvardagen mogleg. Geodata ligg til grunn for alt frå dei karttenestane vi alle nyttar på mobilen til korleis kommunane kan førebu og minske faren for flaum og skred.
- Vi treng oppdaterte og tilgjengelege geodata for ei vidare forenkling og effektivisering av offentleg sektor. Dette for å skape innovasjon og verdiskaping i næringslivet og ei berekraftig og inkluderande samfunnsutvikling. Difor er regjeringa si visjon at Noreg skal vere leiande i bruk av geodata, seier statssekretær Heidi Nakken.
- Det skjer mykje på dette området og no er det viktig å få vist fram dei gode løysingane, seier Nakken.
Geodatarådet inviterer verksemder, organisasjonar, etatar og einskilde personar til å sende inn gode eksempel på produkt, teneste og løysingar basert på bruk av geografisk informasjon og den geografiske infrastrukturen. Løysingane skal vere nyskapande, leie til verdiskaping, ha overføringsverdi, støtte opp om berekraft, stimulere til auka bruk og/eller vise andre gevinstar.
Forslaga må vere løysingar som er etablert i 2019/2020, og kan til dømes vere:
- Kommersiell teneste eller produkt
- Tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar
- Løysingar som kombinerer data til ny kunnskap
Leiar av Nasjonalt geodataråd Roar Skålin håper tiltaket vil gje auka merksemd om verdien av vår felles geografiske infrastruktur.
- Saman med gode teneste og løysingar nyttar kvar og ein av oss geodata i våre daglege gjeremål nærast utan at vi er klar over det, seier Skålin.
Gode døme kan sendast til sekretariat for Geodatarådet. Skjema for innmelding (docx) til post@norgedigitalt.no.
Frist for å sende inn er 30. oktober 2020.
Døme vil bli vurdert av eit utval av medlemmane i Geodatarådet. Dei beste døma blir presentert på eit høveleg vis, få ekstra omtale, diplom og ei mindre påskjønning.
Fakta
Nasjonalt geodataråd
Nasjonalt geodataråd skal sikre eit godt samarbeid mellom alle som forvaltar og bruker geografisk informasjon.
Rådet er leia av Roar Skålin, direktør Meteorologisk institutt. Kystverket er representert i rådet med kystdirektør Einar Vik Arset.
Siste nytt
-
Flere kartleverandører tilbyr Kystverkets digitale seilingsruter
Navigatører som abonnerer på elektroniske sjøkart fra PRIMAR, får i denne tjenesten nå også tilgang til Kystverkets digitale referanseruter for navigasjon.
-
Millionavtale med Partnerplast
Kystverket har inngått avtale med Partnerplast om å få levert sjømerker av typen Dirigens.
-
Nå begynner arbeidet med Stad skipstunnel
Kystverket har nå mottatt oppdragsbrevet fra Samferdselsdepartementet, som i realiteten gir grønt lys til oppstart av forarbeidet for bygging av Stad skipstunnel.
-
Tryggere skipsfart i nordområdene
Tilbyr sjøfarende en rekke tjenester som er viktig for sikkerhet, fremkommelighet og miljø i Arktis.
-
Høring: Forskrift om Krigsnavigasjonstjenesten
Kystverket har på vegne av Samferdselsdepartementet sendt på høring utkast til forskrift om Kystverkets støtte til Forsvaret ved kriser og i krig (Krigsnavigasjonstjenesten ). Fristen for høringssvar er 14. mai
- Gå til nyhetsarkiv