Publisert: , Oppdatert:

Kystverket og Kystvakten styrkar beredskapen mot skipsulykker

Kystverket og Kystvakten har sidan årsskiftet samarbeidd om den statlege slepeberedskapen. Denne veka har KV Bison, eitt av to nye kystvaktfartøy som inngår i slepeberedskapen, vist seg fram i Ålesund, Bergen og Horten. I dag demonstrerte den slepeeigenskapane sine i ytre Oslofjord.

Samarbeidet mellom Kystverket og Kystvakten styrkar sjøsikkerheita og reduserar risikoen for ulykker som kan sette både liv, helse og miljø i fare.

Kystverket har det faglege ansvaret og er ansvarleg styresmakt for den statlege slepeberedskapen. Kystvakten har på oppdrag frå Kystverket ansvaret for den operative delen av tenesta.

Etter å ha besøkt Ålesund og Bergen tidlegare denne veka, sto Horten og ytre Oslofjord på programmet til KV Bison i dag. Der gjennomførte kystvaktfartøyet ei slepeøving. Søndag går ferda vidare til Oslo, der den skal visast fram måndag.

Flere fartøy i beredskapen

Tidlegare bestod den statlege slepeberedskapen av fire slepefartøy, to i sør og to i nord. Med det nye samarbeidet mellom Kystverket og Kystvakten er denne beredskapen no auka til seks fartøy: kystvaktskipet KV Harstad, tre kystvaktskip i Barentshav-klassa (KV Bergen, KV Sortland og KV Barentshav), og dessutan dei to nye kystvaktfartøya KV Jarl og KV Bison. Alle fartøya har minst 100 tonn slepekraft.

Kystvaktfartøya i slepeberedskapen skal bidra til å førebygge eller redusere faren for akutt forureining ved slep og gi anna assistanse til fartøy. Fartøya vil i tillegg drive vanlege kystvaktoperasjonar.

To nye kystvaktfartøy

Som ein følge av samarbeidet vart slepefartøya KV Jarl og KV Bison ein del av flåten til Kystvakten om lag ved årsskiftet. Fartøya har no vore gjennom oppøving og trening, og sidan byrjinga av mars har dei operert som ordinære kystvaktfartøy.

KV Jarl og KV Bison har tidlegare gått i offshoredrift, men er no tilpassa kystvaktformål. Fartøya er innleigde frå selskapet BOA Offshore, i første omgang for ein femårsperiode, med moglegheit for ytterlegare opsjon på fartøya. Tilførselen av KV Jarl og KV Bison aukar Kystvaktens nærvær, beredskap og operative tilgjengelegheit for alle som ferdast sjøvegen i norske farvatn.

Risikobasert beredskap

Samarbeidet mellom Kystverket og Kystvakten inneber dessutan ein meir dynamisk, risikobasert tilnærming til posisjonering og mobilisering av dei statlege slepekapasitetane enn tidlegare. Saman med Sintef er det utvikla eit analyseverktøy, som veldig forenkla forklart kombinerer ei rekke vêrdata og informasjon om skipstrafikk, og gir eit dag-til-dag risikobilete som Kystverkets sjøtrafikksentral i Vardø og Kystvakten bruker til å avgjera kvar fartøya i slepeberedskapen til ein kvar tid bør vere.

Siste nytt