Publisert: , Oppdatert:

Har du eit prosjekt som vil føre til meir effektive hamner?

Kystverket lyser no ut ein ny runde med tilskot til effektive og miljøvennlege hamner. Tilskotet skal nyttast til å auke effektiviteten i logistikkjeda gjennom tiltak i hamn, slik som investering i hamneinfrastruktur, tilkomstinfrastruktur og mudring.

(Foto: Alexander Lund/Kystverket)

– Kystverket er nøgd med at ordninga blir vidareført og det er allereie gjennomført fleire interessante prosjekt. Nytt i år er at retningslinjene er revidert av Samferdsledepartementet, og vi er sjølvsagt spente på om vi vil treffe ein større søkarmasse med dei reviderte retningslinjene, seier avdelingsleiar Thor Vartdal i Kystverket.

I statsbudsjettet for 2021 er det løyvd 52,9 millionar kroner til denne ordninga. Fristen for å søke er 10. mai 2021, og prosjekta må vere ferdige innan 30. november 2022.

Seniorrådgivar Øyvind Sandbakk i Kystverket ser fram til å gjere seg nærare kjend med prosjekta som dukkar opp blant søknadane i år.
– Ja, det har vore spanande å følje med på prosjekta frå dei to første åra med denne ordninga, og eg forventar at det vert søkt om mange interessante prosjekt i år også. I tillegg kan dei nye retningslinjene treffe andre søkarar, og påverkar også rangeringa av søknadane. Nokre av dei viktigaste endringane er at vi skal rangere etter gevinst målt mot støttebeløp, at vi får større moglegheit til å kvantifisere andre positive gevinstar – og ikkje minst at prosjekteigarane no får litt betre tid til å gjennomføre investeringa, fortel Sandbakk.

Meir informasjon om ordninga finn du på www.kystverket.no/effektivehavner

Kontaktperson: seniorrådgivar Øyvind Sandbakk, epost: oyvind.sandbakk@kystverket.no 

Siste nytt