Publisert: , Oppdatert:
- Solveig Moe Frøland

Kystverkets hovudkontor

Hovudkontoret (HK) er Kystverket sin sentraladministrasjon. HK ligg i Ålesund, medan HK sin beredskapsavdeling og IKT-senter er lokalisert i Horten.

HK har rundt 120 tilsette, og  er delt inn i tre avdelingar:

  • Kystforvaltningsavdelinga
  • Sjøsikkerhetsavdelinga
  • Beredskapsavdelinga

I tillegg har HK fire stabar:

  • Stab for økonomi og virksomhetsstyring
  • Stab for kommunikasjon og samfunnskontakt
  • HR-stab
  • Stab for interne tjenester (IKT, administrasjon, innkjøp, BarentsWatchsenteret)

HK har den overordna styringa og utarbeider mål, strategiar og retningsliner for verksemda til Kystverket.

Avdelingsdirektørane har budsjett- og fagansvar for sine ansvarsområder i Kystverket si verksemd. Stabane er støttefunksjonar for kystdirektøren og etaten.

Kystforvaltningsavdelinga (KFA)

KFA har ansvaret for transportplanlegging, kystforvalting og utbyggingsoppgåvene med planlegging og byggherrerolla. Dette omfattar:

  • Hamner og farleier
  • Sjøtransport
  • Plan- og kystsoneforvaltning
  • Eigedom og kultur
  • Forvaltingsplanar havområder
  • Nasjonal transportplan

Sjøsikkerhetsavdelinga (SSA)

SSA har ansvaret for dei operative sjøsikkerheitsoppgåvene i Kystverket. Dette omfattar:

  • Lostenesta (forvaltingsansvar)
  • Sjøtrafikksentraltenesta
  • Meldings- og radionavigasjonstenester
  • Trafikkreguleringar og rutetiltak
  • Hamnesikring (ISPS)

Beredskapsavdelinga (BEA)

BEA tek i vare statens ansvar for beredskap mot akutt forureining. Dette omfattar:

  • Aksjonsleiing/beredskapsvakt
  • Depot for beredskapsutstyr
  • Miljørisikovurderingar/skadehandtering
  • Skipsvrakhandtering
  • Nasjonal slepeberedskap

 

Relaterte dokumenter

Siste nytt