Utdjuping i Vatlestraumen

For å trygge skipstrafikken fjernar Kystverket grunnflaket ved Revskolten lykt i Vatlestraumen. Utbetringa gjev ei utvida skipslei som gjer det sikrare å segle i det tronge og uoversiktlege farvatnet. Planlagt arbeidsperiode er mai – august/september 2012.

Nyhetsliste

Fakta og status for arbeidet

Her finner man en oversikt over fakta og siste status for arbeidet i Vatlestraumen. Siden blir jevnlig oppdatert under anleggsperioden.

Fakta

Grunna ved Revskolten lykt i Vatlestraumen utanfor Bergen, skal utdjupast ned til 14 meters djupne. Den nye seglingsbredda vil med denne djupna bli 250 meter.

Topografien og straumforholda i Vatlestraumen er utfordrande, og inneber at navigatørar må gjere fleire store kursendringar innanfor eit kort tidsrom. Ei utvida skipslei gir skipstrafikken meir plass til å segle i det tronge farvatnet.

Utbetringa er eit prioritert tiltak i regjeringas Nasjonale Transportplan og skal bidra til å redusere mogelege uønska hendingar og grunnstøytingar.

Totalt blir 65 000 kubikkmeter fjell fjerna over eit undersjøisk område på 12 000 kvadratmeter.

Arbeidet vil omfatta boring, sprengingsarbeid og oppgraving av sprengingsmassar.

Relaterte dokumenter

Siste nytt