Hopp direkte til innhold

Slik vil lostenesta sikre GPS-signal til sjøs

Visste du at GPS-signala vi er så avhengige av har mindre effekt enn lyspæra på nattbordlampa di? Kystverket utviklar ny sensorteknologi for å gjere GNSS-signal i navigasjonsverktøy mindre sårbare.

Kystverket fekk 8,5 millioner kroner i støtte frå Innovasjon Norge i ei konkurranse om Innovasjonspartnerskapfor. Målet er å sikre satellittsignal i navigasjon mot sabotasje og andre forstyrrande faktorar. 

Gjennom utvikling av portabel sensorteknologi vil lostenesta bruke pengane til auka sjøsikkerhet ved å gjere GPS-signal i navigasjonsverktøy meir pålitelige.

Viktig støtteverktøy

En los skal alltid kunne føre skip trygt i hamn, utan kart i «tåke, regn og snøtjukke» og med radar som einaste hjelpemiddel. GPS er likevel eit viktig støtteverktøy, spesielt i større operasjoner der marginane er små.

– Bortimot all navigasjon til sjøs nyttar i dag GPS/GNSS (Global Navigation Satellite System) som hovudkjelde til fartøyet sin posisjonbestemmelse. Samtidig er det fleire faktorar som kan verke inn på nøyaktigheita på signala som losen tek i mot på sine teknologiske støtteverktøy. Det kan føre til farlege situasjonar og uønskte hendingar, som trugar transportsikkerheita, fortel losdirektør Erik Blom i Kystverket.

Sårbare signal

Prosjektet vil difor utvikle ein portabel sensorteknologi som aukar sikkerheita, og som er tilpassa dei behova som Kystverkets Losteneste har.

– Vi ser aukande avhengighet av GPS i navigasjonsverktøy i skipstrafikken. Samtidig er det eit sårbart signal som kjem frå GPS-satellittar 20 000 kilometer over hovuda våre, med ein effekt på berre 25 W. Det er mindre enn lyspæra på nattbordlampa di, fortel Odd Sveinung Hareide i lostenesta.

Signal kan bli "hacka"

Utfordringa er at GNSS-signala kan falle bort, enten utilsikta eller gjennom sabotasje og «hacking» av signal.

– Såkalla «jamming» (interferens) og «spoofing» (narring) er vanligare enn vi likar å tru, og utgjer ein risiko for sjøsikkerheita, seier Odd Sveinung. Han understrekar at problemstillinga ikkje er unik for sjøfart, og at ein slik sensorteknologi vil vere til stor nytte for andre samfunnsaktørar, noko juryen frå Innovasjon Norge også påpeika.

Samarbeid med næringslivet

Innovasjonspartnerskap bidreg til offentlig-privat samarbeid der partene utviklar heilt nye løysingar.

– Med dette prosjektet viser Kystverket at dei er veldig ambisiøse og det er gledeleg å sjå at dei ønsker å samarbeide med næringslivet for å utvikle innovative løysingar for økt sikkerheit på havet. Vi gler oss til å følge dette spennande prosjektet vidare, seier direktør for Samfunns- og næringsutvikling i Innovasjon Norge, Vigdis Harsvik.

Totalt kom det inn 37 søknadar. Elleve gikk vidare til finalen, og åtte av prosjekta fekk finansiering.

Hør vår podkast om innovasjonsprosjektet:

Til toppen