Hopp direkte til innhold

Innsegling Bulandet

Innsegling Bulandet er eit utdjupings- og merkeprosjekt som skal gjere farleia gjennom Hovdesundet i Askvoll kommune, Vestland breiare og djupare.

Hensikta med prosjektet Innsegling Bulandet er å styrke rammevilkåra for sjøtransport i Bulandet ved å auke sikkerheita og kapasiteten i innseglinga gjennom Hovdesundet, slik at Bulandet får ei robust og påliteleg innsegling som er tilgjengeleg for eksisterande og framtidig trafikk under alle sikt- og vêrforhold. Etter utdjupinga vil farleisbreidda i Hovdesundet vere 60 meter og ha ei minste djupne på 10 meter. 6 nye sjømerker blir etablert, og 3 gamle skal fjernast. 

Innseiling Bulandet info.png

På eit areal på om lag 11 000 kvadratmeter skal om lag 26 000 kubikkmeter steinmasser sprengast og mudrast. Sprengsteinmassene blir brukt til utfylling i vika sør for moloen/vegen på Nikøy, der Askvoll kommune vil utvide eksisterande næringsareal. Massene blir mellom anna nytta til ei erosjonssikring mot sjøen, som sikrar området mot bølgene. For å ferdigstille næringsarealet trengs meir masser enn dette prosjektet gir.

Entreprenør for prosjektet er Wasa Dredging Oy Ltd, med sprengings- og graveriggen Hector. Anleggsperioda er oktober 2021 – 10. januar 2022.

Har du spørsmål knytt til prosjektet Innsegling Bulandet eller ønsker meir informasjon, så inviterer Kystverket til folkemøte i Bulandet Bygdehus onsdag 22. september klokka 1800, der både Kystverket og Askvoll kommune er til stades og orienterer om prosjektet.

Se også prosjektets facebookside: www.facebook.com/innseglingbulandet

Til toppen