Hopp direkte til innhold

Skipstunnelen skal ut på anbod

Folk på stranden
Det var god stemning på Seljesanden då finansminister Trygve Slagsvold Vedum og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran kom med nyheita om at Stad skipstunnel skal ut i entreprenørmarknaden.
Foto: Siri Sandvik

Regjeringa har bestemt at bygginga av Stad skipstunnel skal ut på anbod. Dette kan skje i løpet av første halvår 2024. – Ein viktig milepæl for oss, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel, Terje Skjeppestad.

Kystverket har lenge ønska og jobba for at bygginga av skipstunnelen må ut på anbod for å få eit mest mogleg korrekt anslag på kva skipstunnelen kjem til å koste. I eit valkampsarrangement på Selje torsdag 07.09 kom finansminister Trygve Slagsvold Vedum og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran med nyheita om at prosjektet skal ut i entreprenørmarknaden.

Positive statsrådar

Begge statsrådane snakkar varmt om prosjektet:

– Stortinget har vedteke prosjektet med eit breitt fleirtal og det at vi no legg det ut i marknaden er viktig for å finne ut om det er mogleg å realisere prosjektet innanfor den ramma Stortinget har sett. Det er vårt mål, sa Vedum til NRK.

Fiskeri- og havministeren støttar opp:

– Dette er eit svært viktig prosjekt, både for næringslivet og tryggleiken langs kysten. Ikkje minst vil det gje ein enorm føreseielegheit til utvikling av viktige havnæringar langs kysten, sa Skjæran.

– Dette er ein viktig milepæl for oss. Ein skipstunnel med så store dimensjonar har aldri vore bygd før og derfor har risiko- og usikkerheitsavsetningane i prisanslaga for tunnelen vore store. Vi har sagt til departementet og andre at vi meiner det er mogleg å redusere kostnadane for prosjektet, ikkje minst i samband med reduksjon av usikkerheit. Men at dei store innsparingane vil ein først få klarlagt i ein anbodsprosess og gjennom forhandlingar med entreprenørar som skal bygge skipstunnelen. Det er bra at vi no har fått gjennomslag for dette, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel, Terje Skjeppestad.

Skjeppestad seier at Kystverket skal vere klar til å sende bygginga av skipstunnelen ut på anbod tidleg i 2024. Så blir det ei omfattande anbodsrunde, før det kan bli kontraktsignering og byggestart mot slutten av 2025.

Gamal kostnadsramme gjeld

Det er verdt å merke seg at det ikkje følger nokon nye løyvingar frå regjeringa i samband med at skipstunnelen no skal ut på anbod. Det er framleis den vedtekne kostnadsramma frå 2021 som gjeld for prosjektet. Denne var opphaveleg på 4,090 milliardar kroner inkl. mva (P85). Ramma er no pris- og indeksjustert til 5,060 milliardar kroner inkl. mva. (P85).

– Vi har gjort ei grundig kostands- og usikkerheitsanalyse og vi jobbar heile tida med å få ned usikkerheita og kostnadene i prosjektet. Samstundes opplever vi at det stor interesse i entreprenørmarknaden for prosjektet. Eg trur at vi med ei god konkurranse og med forhandlingar med entreprenørar skal det vere mogleg å få kostnadene ytterlegare ned, seier Skjeppestad.

Om tilboda frå entreprenørane ikkje kjem seg under kostnadsramma på 5,060 milliardar kroner, må i så fall prosjektet tilbake til Stortinget for å få vedteken ei ny ramme.

– Men det er ein lang veg fram til dit. No får vi glede oss over at ein ny milepæl er nådd for Stad skipstunnel, seier Skjeppestad.

Meir informasjon

Kystverket har etterspurt meir informasjon om kva offentleggjeringa på Seljesanden i starten av september har å seie for enkeltaktivitetar i prosjektet, som regjeringa sette på vent tidlegare i år. Dette er mellom anna (retts)prosessar med å ta over eigedomar i nærleiken av skipstunnelen, og nye grunnerverv ein treng for gjennomføringa av prosjektet.

– Vi har so langt ikkje høyrt noko meir frå departement eller regjering på om vi kan halde fram med desse prosessane. Men det er ein fordel at dei kjem i gang igjen snarast råd, seier Skjeppestad.

Kanskje kjem det nokre føringar i samband med statsbudsjettet for 2024?

Stor interesse blant entreprenører

Kystverket har i to runder gjennomført leverandørkonferanser, begge med stor nasjonal og internasjonal interesse. Den siste ble gjennomført i månedsskiftet januar/februar, med over 160 deltagere fra 80 ulike leverandører og entreprenører. Leverandørkonferansene er gjennomført med formål å klargjøre markedet for en kommende konkurransegjennomføring.

– Vi opplever stor interesse for prosjektet blant entreprenører. Stor konkurranse vil trolig gi god effekt både for tekniske løsninger og pris, sier prosjektleder Skjeppestad.

Fakta Stad skipstunnel

Kystverket har fått i oppdrag å bygge Stad skipstunnel, verdens første fullskala skipstunnel. Selve byggeprosjektet skal utføres av en hovedentreprenør gjennom en totalentreprise. Det skal lyses ut i 2024 og det kan bli byggestart i 2025.

Målsettingen med prosjekt Stad skipstunnel er å forbedre fremkommelighet og sikkerhet for sjøtransport forbi Stad, trolig det mest værutsatte og farligste havstykket langs norskekysten. I tillegg skal prosjektet optimaliseres for å hente ut andre nyttegevinster.

Skipstunnelen skal bygges der Stad-halvøya er på det smaleste, mellom Moldefjorden og Kjødepollen, i Vanylvsfjorden. Tunnelen blir 1,7 kilometer lang (2,2 km med entringsområder), 50 meter høy og med en bredde på 36 meter − som betyr at fartøy opp til størrelsen på Kystruten/Hurtigruten  vil kunne få en sikker seilas forbi Stadlandet.

Kystverket er en transportetat som ligger under Nærings- og fiskeridepartementet. Visjonen vår er å utvikle kysten og havområdene til verdens sikreste og reneste. Stad skipstunnel er en del av dette arbeidet. 

Les meir om verdas første skipstunnel

Til toppen