Hopp direkte til innhold

Testar nye sjømerke for auka sjøsikkerheit

Bilde av sjømerker
Sjømerka er i stadig utvikling for å sikre trygg seglas. Den siste prototypen lengst til høgre i bildet.

Med over 22 000 sjømerke langs kysten vår har sjømerka ei viktig rolle for navigasjon og sjøsikkerheit. Kystverket jobbar derfor kontinuerleg med utvikling av nye prototypar.

Noreg har ein lang og spesiell kyst, og Kystverket er langt framme når det gjeld å ta i bruk ny teknologi for å halda sjøvegen sikker. Sjømerka går heile tida gjennom ein innovasjonsprosess – og fleire av dei nordiske landa har teke i bruk sjømerke som er tidlegare utvikla av Kystverket. 

Ein ny generasjon sjømerker

Sjølv om Kystverket har utvikla eigne sjømerker i lang tid, vert det no utforska både nye design og materiale. Eit veldig viktig grep er at mannskapa på fartøya og vedlikehaldslaga blir tett involverte i utviklinga, sidan dei gjerne veit best kvar skoen klemmer. 

– Formålet er gjere vedlikehald av sjømerke enklare og meir effektivt, og ikkje minst tryggare med tanke på betre sikkerheit og HMS for dei som jobbar med sjømerka til dagleg. Samtidig er forbetra ytelse på sjømerka for brukarane våre naturlegvis hovudmålet. Den siste prototype-testen handla om synlighet, seier Tatjana Eriksen, seksjonssjef i avdelinga for reiarlag, fyr og sjømerker i Kystverket.

Hindrar fugleskitt

Akkurat no er det hurtigbåt-merker, såkalla HIB (lanterne med indirekte belysning) som skal fornyast. I dag finst det to typar hurtigbåtmerke og to typar lanterneskap. Det ideelle hadde vore å erstatte alle desse merka med EIN type, slik at ein får ein heilskapleg utsjånad på merka som er lett å kjenne igjen over heile kysten. 

– Prototypen som vi no jobbar med inkluderer endringar som plassering av batteriet nederst, for at mannskapet skal sleppe å klatre til topps, auka lysstyrke og derav større solcellepanel, og tiltak for å hindra at fugl kan lande på objektet. Det siste høyrest kanskje banalt ut, men avføring frå sjøfugl, i hovudsak skarv, kan vera til hinder for funksjonaliteten til sjømerket, og i tillegg utgjera ein helserisiko for mannskapet vårt, seier senioringeniør Birgit Huse.

Den pågåande utviklingsprosessen involverer altså først grundig tilbakemelding frå mannskapa. Neste trinn vil inkludere navigatørar, planleggjarar og etter kvart losar og andre brukarar. Den planlagde lanseringa av nye sjømerke er forventa å bli fullført i løpet av 2024.

Birigit Huse_sjømerker.jpg
Den nye prototypen blei nylig testa i Ålesund. Birgit Huse er ein av ingeniørane som skal jobba vidare med utviklinga av sjømerket, saman med ei rekkje gode kollegaer.

 

sjømerke_testing i Ålesund.jpg
Ei rekke nautikarar frå Kystverket deltok på første test, som viste lovande resultat på synlighet. Sjømerka vil no utviklast vidare fram til lansering i 2024. Prototypen er heilt til høgre i biletet.

 

nye sjømerker.jpg
Slik ser sjømerka ut i dagslys

 

Sjømerker i månelys.jpg
Sjømerketest i måneskin i Borgundfjorden i Ålesund.

 

Kontakt

seksjonssjef

Tatjana Eriksen /

Kontakt

Senioringeniør

Birgit Huse /
Til toppen