Mykje av auken kjem innan utbygging av sjøvegen, med oppstart av fleire viktige prosjekt i Nasjonal transportplan 2022–2033.
- Sjå eiga sak: Tung satsing på utbygging av sjøvegen
Tilskotsordningar blir vidareført
Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotsordningane som skal legge til rette for ein konkurransedyktig sjøtransport.
Det gjeld både tilskotsordninga for effektivisering og miljøtiltak i hamner, som er foreslått 55,5 millionar kroner til, og tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til sjø, der det foreslås ei løyving på 32,4 millionar kroner
Meir informasjon om desse ordningane blir gitt når dei vert utlyste.
Fiskebøl-senter
25 millionar kroner er foreslått sett av til Kystverket si vidare planlegging av eit senter på Fiskebøl for testing, øving og teknologiutvikling for bekjemping av akutt forureining. Senteret skal innehalde eit innandørs klimaregulert basseng, utandørs molobasseng, tilrettelegging for feltforsøk og fasilitetar for dispergering/brenning.