Hopp direkte til innhold

Bergen–Sognesjøen

For å auke sikkerheita og framkome i farleia, skal Kystverket etablere 19 nye navigasjonsinnretningar i farvatnet mellom Bergen og Sognesjøen. Sju av desse skal plasserast i vêrutsette områder og må etablerast på større merkefundament.

Området frå Bergen og nordover mot Sognesjøen er prega av stor hamneverksemd og mykje skipstrafikk. Her finn ein mellom anna godshamn, verft- og serviceindustri, terminaler for cruise og passasjertrafikk, samt oljeterminaler og forsyningsbaser for petroleumsrelatert industri. Saman med høg trafikktettleik og stadvis komplisert trafikkbilde er umerka holmar, grunner og skjær ei utfordring i området. Det er behov for fleire referansepunkt som tydeleg markerer ytterkanten på farleia og som fungerer som gode hjelpemiddlar for navigasjon.

I vêrutsette områder er ofte merkinga dårleg eller fråverande på grunn av dei stadlege tilhøva. Samtidig vil høg bølgegang påverke manøvreringsevna til skipa og gjere det vanskelegare å navigere. Dette styrkar behovet for å etablere navigasjonsinnretningar i desse områda. For å auke sikkerheita og framkoma i farleia, skal Kystverket etablere 19 nye navigasjonsinnretningar i farvatnet mellom Bergen og Sognesjøen. Sju av desse skal plasserast i vêrutsette områder og må etablerast på større merkefundament.

Bergen-Sognesjøen info.png

Merkefundamenta skal lysast ut som ei totalentreprise som inkluderer prosjektering og etablering av merkefundament med løysning for tilkomst. Kystverket legg til grunn at innkjøpsprosessen og utlysinga vil finne stad i løpet av våren 2022. Arbeidet med etablering av sju merkefundament er venta å vere under gjennomføring med fysiske anlegg i 2023, medan etableringa av dei 12 navigasjonsinnretningane innaskjers er venta å skje i regi av eit av Kystverket sine fartøy i løpet av 2022.

Vêrtilhøva vil vere ein av dei største utfordringane i prosjektet. Det vil difor vere avgjerande å kome fram til ei løysing som reduserer risiko knytt til vêr. Til dømes ved å redusere byggetida i felt, eller sikre ein byggemetodikk som er robust mot ytre påkjenningar i anleggsperioden. For å orientere om prosjektet og få innspel til den vidare prosessen ønsker Kystverket å gjennomføre ein leverandørkonferanse. 

Til toppen