Hopp direkte til innhold

70 millionar til utbetring av hamner

Dronebilde av Borg Havn
Borg Havn i Fredrikstad

Arbeidet med prosjekt innsegling Borg hamn held fram som planlagt, etter at det er bevilga 70 millionar til prosjekta i Borg og Mehamn i regjeringa sitt statsbudsjett for 2023.

For å betre framkome og sjøsikkerhet skal Kystverket mudre og utbetre farleia inn til Borg hamn i Fredrikstad kommune. Tiltaket er vedtatt av Stortinget i Nasjonal transportplan (NTP 2022–2033) og er ein del av Kystverkets handlingsprogram.

Regjeringa har signalisert at dei ser seg nøydt til bruke mindre pengar i ei krevjande tid, noko som særleg rammar større samferdselsprosjekt. I det første forslaget til statsbudsjett for 2023 var difor det ikkje sett av pengar til dette prosjektet. Då det endelege statsbudsjettet vart vedtatt av Stortinget 20. desember etter budsjettavtalen mellom AP, SP og SV, er det likevel bevilga 70 millionar kroner. Ein anslår at om lag 50 millionar av desse midla vil nyttas til prosjektet innsegling Borg hamn medan resten vil kunne nyttes til utbetring av hamna i Mehamn i Finnmark.

– Vi konstaterer at dei prioriteringane vi har spelt inn har vorte tekne til følgje. Dette betyr at blant anna at prosjektet i Borg hamn, som er svært viktig for skipstrafikken på Austlandet, kan halde fram som planlagt, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

I november gjennomførte Kystverket ei mindre prøvemudring i Borg Hamn. Målet var å kvalitetssikre modellar og utreiingar og optimalisere overvakingsprogrammet og sikre at dei valde metodane bidreg til å minimere miljøpåverknaden frå tiltaket. Rapporten er venta på nyåret, og hovudprosjektet skal etter planen starte hausten 2023.

Til toppen