Inntektene frå dei 70 ikkje-næringsaktive fiskerihamnene som blei selde var på vel 25,8 million kroner. I tillegg vart rettar knytt til 58 anlegg «avlest», som vil seie at rettar som Kystverket hadde sikra seg i samband med bygging av anlegget, vart ført tilbake til grunneigarane, slik at rettane og hamnene no er ute av Kystverkets forvaltning.
– Ved inngangen til 2020 står det att 85 statlege ikkje-næringsaktive fiskerihamner. I 2020 har Kystverket framleis i oppdrag å søkje å avhende desse. Siktemålet for 2020 er at flest mogleg av desse hamnene skal overførast til nye eigarar, fortel avdelingsdirektør Vigdis T. Bye i Kystverket, som er ansvarleg for avhendinga.
Planen for 2020 er å oppretthalde aktivitetsnivået og arbeide for å nå målet om å redusere omfanget av Kystverket sitt eigarskap og ansvar for dei statlege fiskerihamnene. Dette for å oppfylle staten sine intensjonar om at Kystverket i framtida ikkje lenger skal ha dette forvaltningsansvaret.