Hopp direkte til innhold

Fekk fiskeri- og havministeren på besøk

Kystdirektør Einar Vik Arset og fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran.
Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket

Fredag 22. oktober vart Kystverket overført frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet. Tirsdag 2. november kom den nye fiskeri- og havministeren, Bjørnar Selnes Skjæran, på besøk til det ferskaste tilskotet i departementsporteføljen.

– Når eg tek turen hit på den første reisa mi som statsråd, er det fordi Kystverket har eit stort ansvar og er ein viktig etat i porteføljen vår, fortalde Skjæran, som seinare på dagen skulle opne den årlege Verftkonferansen samt besøke Ulmatec på Hareid og Ulstein Verft i Ulsteinvik.

Noreg er ein stor havnasjon. Statsråden la ikkje skjul på at Kystverket får ei viktig rolle, både når det gjeld næringsutvikling og i utviklinga av grøn skipsfart, som blir eit viktig norsk bidrag til å redusere dei globale utsleppa.

– Vi skal framleis vere ein samferdselsetat, med dei samferdselsoppgåvene vi har hatt. Flyttinga til Nærings- og fiskeridepartementet er ei tydeleggjering av kor viktige også dei andre oppgåvene vi har er for Noreg si framtid. Vi i Kystverket skal legge til rette for utviklinga, og bidra til at hav- og kystressursar blir forvalta på ein forsvarleg måte som også bidrar til større verdiskaping både lokalt og nasjonalt. Dei viktige og interessante oppgåvene står i kø for etaten vår. Og vi gler oss, fastslår kystdirektør Einar Vik Arset.

Møte mellom Kystverket og Nærings- og fiskeridepartementet.
Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket
Til toppen