Både Kystverket og Kartverket får stadig førespurnader frå hamner og kaieigarar som ønskjer informasjon om djupne. No har dei to etatane gått samen for å utvikle ein ny rettleiar.
– Vi ser at fartøya blir stadig større, medan hamnene stort sett har samme størrelse. Mange ønskjer meir djuptgåande for å få meir last med seg ut frå hamna. Data om djupne vert difor etterspurt i samband med nyetablering av kaier, mudring utanfor kaianlegg eller for prøve å få inn større fartøy. Då treng det høy detaljeringsgrad og god kvalitet på informasjon om djupne, fortel Erik Blom, losdirektør i Kystverket.
Den nye rettleiaren skildrar korleis ein aktør bør gå fram for å kjøpe godkjente djupnemålingar utanfor eit område eller ei kai. Føremålet er at kaieigarar og andre interessentar som samlar djupnedata skal nytte seg av sertifiserte oppmålarar, slik at både lostenesta og sjøfarande elles kan få tilgang til betre data om djupne via offisielle ENCer.
– Djupnemålingane vil på denne måten inngå i offisielle navigasjonskart og dermed kunne nyttast av både skipsfart og losar, understrekar Odd Sveinung Hareide i Kystverkets losteneste.
Rettleiaren er utvikla i samarbeid med Kartverket Sjødivisjonen, med innspel frå sertifiserte oppmålarar som Wise Survey og GeoSubSea.
– Kartverket har etablert ei frivillig godkjenningsordning for private selskap innan sjømåling og behandling av hydrografiske data. Førebels er det dei to nemnde selskapa i Noreg som er godkjent for å hente inn djupnedata, prosessere desse og levere dei til Kartverket for inkludering på offisielle nautiske produkt, seier Jan Torstein Ådland i Kartverket Sjødivisjonen.