Hopp direkte til innhold

KS1-rapporten om Stad skipstunnel er klar

Holte Consulting AS og Pöyry AS har på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet og Finansdepartementet gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS1) av Kystverket si utgreiing om Stad skipstunnel. Rapporten vart i dag overlevert til fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Bakgrunnen for utgreiinga er dei spesielle seglingsforholda rundt Stad.

– Eg vil no setje meg grundig inn i denne rapporten, og regjeringa vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget med forslag til vidare handtering av saka, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Det er utgreidd to tunnelalternativ, i tillegg til et såkalla nullalternativ. Det minste tunnelalternativet er dimensjonert for at kystgåande godsfartøy og fiskefartøy skal ha høve til å nytte skipstunnelen. Det største tunnelalternativet er dimensjonert for at hurtigruta og andre fartøy med tilsvarande storleik kan segle gjennom tunnelen.

Hovudkonklusjonen til Holte Consulting AS og Pöyry AS er at analysene tyder på at den netto nytteverdien er større enn det som kom fram i konseptvalutgreiinga (KVU). Konsulentane har kome fram til at prosjektet, for å vere sammfunnsøkonomisk lønsamt, må ha ein noverdi på ikkje-prissette nytteeffektar på minst 390 millionar kroner for liten tunnel og minst 910 millionar kroner ved stor tunnel. Dette tilsvarar ein fast årleg ikkje-prissett nytteverdi på 25 millionar kroner for liten tunnel og 55 millionar kroner for stor tunnel.

Til toppen