Hopp direkte til innhold

Ber sjøfarande vere obs på anleggsaktivitet i sjøen nord for Bergen

Sjømerka langs norskekysten får mykje juling frå naturkreftene. (Illustrasjonsbilete av ei Litus Lux-lykt på Kråka. Foto: Wirestock/AdobeStock)

For å auke sjøsikkerheita og framkoma i farleia, skal Kystverket dei komande månadane etablere fleire nye sjømerker i farvatnet mellom Bergen og Sognesjøen.

Av hensyn til framkome og sjøsikkerheit skal Kystverket etablere nye sjømerker i farvatnet mellom Bergen og Sognesjøen. Merka som skal etablerast er lokalisert ved Rongesundet og nord for Fedje ved innseilingen til Fedje- og Flensfjorden.

– Vi ber alle sjøfarande i området om å vise omsyn, vere spesielt merksam på midlertidige installasjonar i sjøen og varsel i «Etterretning for sjøfarende» (Efs) samt å respektere 100 meter sikkerheitsavstand til anleggsaktivitetane, seier prosjektleiar Martin Fransson i Kystverket.

BS-kart1.png

Kart som viser kva område dei nye sjømerka skal etablerast i (oransje prikkar).

Området frå Bergen og nordover mot Sognesjøen er prega av stor hamneverksemd og mykje skipstrafikk, med mellom anna godshamn, verft- og serviceindustri, terminaler for cruise og passasjertrafikk, samt oljeterminaler og forsyningsbaser for petroleumsrelatert industri. Saman med høg trafikktettleik og eit stadvis komplisert trafikkbilete er umerka holmar, grunner og skjær ei utfordring i området. Det er derfor eit behov for fleire referansepunkt som tydeleg markerer ytterkanten på farleia og som fungerer som gode hjelpemiddel for navigasjon.

Prosjektleiar Fransson fortel at arbeida startar allereie måndag 3. juli og er planlagt å pågå fram til 1. oktober.

– Vêrtilhøva vil vere ei av dei største utfordringane i prosjektet. Vêret gjer det vanskeleg å føreseie når anleggsarbeidet kjem til å skje på dei ulike lokasjonane. Arbeida i sjø er vêravhengige og nøyaktig framdrift må derfor tilpassast dei stadlege tilhøva, opplyser han.

Utførande entreprenør er Sea-Service AS, som nyttar arbeidsfartøyet Aure til sjøarbeida. I Kystverkets NAIS-teneste (nais.kystverket.no/) kan du søke opp Aure for å sjå kvar den til ei kvar tid befinn seg.

For å auke sikkerheita og framkome i farleia, skal Kystverket etablere 19 nye navigasjonsinnretni...

Fag Publisert Oppdatert
Til toppen