Hopp direkte til innhold

Lærer å bli los med VR-briller, leider og anker

Losaspiranter om bord losbåt
Årets losaspiranter får variert trening før praksisperioden starter. Fra venstre Torstein Vårlid, Stian Jenssen og Gustav Selnes. Foto: Lill Haugen / Kystverket.

Nye losaspirantar er handplukka av Kystverket gjennom ein tøff rekrutteringsprosess. Under opplæringa øver dei på ytterpunkt i yrket – å legge ei frakteskute til kai med anker, klatre om bord på fartøy – og øve med VR-briller, som ein ny og digital del av opplæringa.

Ledige stillingar som losaspirantar vert lyst ut ved behov, og i førre runde var det heile 226 som sende inn søknad i håp om å bli statslos. Dei heldige utvalde har vore gjennom grundige intervju og ein rekkje praktiske testar. 

Dei siste vekene har nye losaspirantar blitt kjende med sin nye arbeidsgjevar gjennom Kystverket sine introduksjonsveker til losyrket i Ålesund.

– Vi har 18 flotte losaspirantar som vi har stor tru på. Dei går no gjennom to veker med felles opplæring, der den første veka var ein presentasjon av Kystverket og alle administrative støttesystem. Deretter følgjer presentasjonar frå eksterne føredragshaldarar som forklarer losen si rolle og spekteret av informasjon ein må tileigne seg. No er vi inne i den siste veka som består av ein meir praktisk tilnærming til sjølve jobbutføringa, som skal ruste losaspirantane for mange år i teneste. Både VR-simulator og ankerkurs med ein tradisjonell lastebåt inngår i denne opplæringa, fortel losdirektør Erik Blom.

IMG_4962.jpeg

Et knippe av årets losaspiranter på kurs i Ålesund: Fra venstre Bjørnar Joakimsen, Elin Askvik, Thomas Wolden, Anders Chiristiansen og Svein-Magne Sjøen. Foto: Lill Haugen / Kystverket.

Frå praksis til teori

– Losaspirantane er sjølv erfarne skipparar/styrmenn. Det blir ein stor overgang frå å sjølv manøvrere skipet til å rettleie andre munnleg. No skal dei lære å bli gode rådgjevarar for brubesetninga om bord i ei rekke ulike typar fartøy, seier Jetmund Runde, ansvarleg for rekruttering og opplæring av loser i Kystverket.

Ankerkurs

Ei tradisjonell frakteskute legg kontinuerleg til og frå kai utanfor Kystverket sitt kontor i Ålesund. Om bord er ei gruppe losaspirantar som øver på å legge til kai med anker.

– Å bruke anker til og frå kai er eit gamalt handverk som losaspirantane må kunne. I dag nyttar mange fartøy avansert utstyr og teknologi, men vi veit at teknologien kan svikte. Ikkje alle har erfaring med denne typen bruk av anker. Som los må du vere i stand til å handtere ei rekke ulike fartøy – mange av eldre årgang. Då er det greitt å ha prøvd seg på ankertrening i forkant, og ikkje prøve det for første gong i ein naudsituasjon, seier Runde.

Ankerkurs_23_2.jpg

Øver med VR-briller

Å ta i bruk ny teknologi er ein viktig del av opplæringa. Losaspirantane øver blant anna med Kystverkets nye VR-simulator. Her lærer dei å bruke taubåt, noko ikkje alle har erfaring med frå før. I simulatoren si virtuelle verd vert losaspirantane stresstesta med både motorstopp, dårleg vær, trafikk og andre moment som må handterast.

 

Losaspirant Svein Magne Sjøen_VR_2.jpg

Losaspirant Svein Magne Sjøen testar VR-simulatoren. Foto: Lill Haugen / Kystverket

Lærer frå dei beste

I Kystverkets losteneste er det ei rekke dyktige statslosar som også har tatt tilleggsutdanning, og som held kurs for dei nye losane.

– Dei har lang erfaring og vert brukt som ressurs for å gi losaspirantane ei teoretisk innføring i dei ulike momenta som kan møte dei i teneste. Det kan være alt frå kulturforskjell og språkvanskar, og ulike nasjonalitetar på skip, seier Runde.

loskurs_teori.jpg

Lostenesta feira nylig 300 år, og det er mange hundre år med erfaring.  Losaspirantane lærer frå dei beste.

Det farlegaste ein los gjer

Når losen skal om bord eller forlate eit fartøy, er det vanleg å klatre over i losbåten. Aspirantane øver difor på borde- og kvitteoperasjonar frå losbåten.

– Borde- og kvitteoperasjonar er ein kritisk del av losane si arbeidskvardag, og er utan tvil den farlegaste delen av jobben. Derfor er det viktig at aspirantane får opplæring i metodene med instruktør, teste dette, og får rikeleg med mengdetrening, seier HMS-rådgjevar i lostenesta, Trond Erik Øverland.

losapsiranter_bording.jpg

IMG_5011.jpeg

MOB-trening

Gjennom øvingar på losbåten blir aspirantane også kjende med andre viktige tryggleikstiltak.

– Vi øver også på mann-over-bord-situasjonar. Då blir dei kjende med tryggleiksrutinane om bord i losbåten dersom ein MOB-situasjon skulle oppstå. Dei får både kjenne på korleis det er å få ein person opp av vatnet att og korleis det er å bli plukka opp frå sjøen. Dette er noko både loser og mannskapet på losbåtar øver regelmessig på, fortel Øverland.

mob_trening.jpg

MOB-trening_2.jpg

Puggar «losleksa» til eksamen i mai

Etter loskurset i Ålesund reiser losaspirantane til sine område, eller losoldermannskap. Losaspirantane er frå heile landet og vert fordelte ut der det trengs.

– I aspirantperioden følgjer dei ein erfaren los på mange ulike oppdrag – samtidig som dei puggar «losleksa». Det betyr at dei må lære, og memorere, alle sjømerke, lykter, skjær og grunner, kaier, djupner osv i området. I mai er det eksamen, og ved bestått eksamen får losaspirantane los-sertifikat for fartøy på opptil 125 meter, og kan jobbe då sjølvstendig som los innanfor desse rammene, seier Runde.

Vil du bli los? Les meir her!

IMG_5042.jpeg

ankerkurs_losbaat_drone.jpg

Kontakt

Seniorrådgiver

Jetmund Runde

Kontakt

Seniorrådgiver

Trond Erik Øverland /
Til toppen