Hopp direkte til innhold

NTP 2014-2023: Offensiv satsing på sjøtransport

Kystverket er nøgd med den offensive satsinga på sjøtransport i Melding til Stortinget om Nasjonal transportplan 2014–2023 (NTP). – Med markant auka rammer både innan drift, vedlikehald og nyinvesteringar, er det lagt eit godt grunnlag for å løyse utfordringane for sjøtransporten, fastslår kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Regjeringa set av 19,4 milliardar kroner til Kystverket i neste planperiode. Sjøtransporten aukar med det sin del av den totale NTP-ramma. Meldinga til Stortinget skisserer ein kraftfull innsats innan Kystverket sine ansvarsområde.

Frå veg til sjø

Eit nytt satsingsområde frå Regjeringa er at ein stiller til rådvelde økonomiske midlar for å stimulere til overføring av gods frå veg til sjø. Det er øyremerka tre milliardar kroner dei neste ti åra til tiltak som skal gjere sjøtransporten meir effektiv og konkurransedyktig. Midlar skal gå til forsking og analyse, og til innføring av konkrete virkemiddel for å styrke nærskipsfarten.
Meldinga foreslår dessutan auka trykk på hamnesamarbeid for å oppnå reduserte kostnadar for næringstransporten.

– Denne innsatsen vil stimulere til å flytte meir godstransport frå veg til sjø – noko som sparer både miljøet og eit belasta vegnett. Meldinga vil syte for at Kystverket kan halde fram og styrkje arbeidet for sikker sjøtransport i Noreg, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Sikrare sjøferdsel

Meldinga legg opp til vidare modernisering av sjøtrafikksentralane. Den legg også opp til at AIS-satellittovervakinga av skipstrafikken, som har vore prøvd ut sidan 2010, skal gjerast permanent. Dette er viktig for sikkerheita i havområda – særleg i Barentshavet og Norskehavet. Fornying og modernisering av navigasjonsinnretningar langs kysten er eit satsingsområde, og det er også ei vidare utvikling av hamnene og farleiene langs kysten.

– Eit viktig prosjekt for sjøtransporten er Stad skipstunnel. Den er eit farleistiltak som vil redusere ulukkesrisikoen og betre seglingstilhøva langs kysten. Dette er eit spektakulært prosjekt som vi ser fram til å ta fatt på, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Nordområda er også viktige satsingsområder. Meldinga set av midlar til å oppgradere og bygge ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen, i tillegg til å vidareutvikle informasjons- og overvakingssystemet BarentsWatch.

Styrkar kapasiteten

Midlane til transportplanlegging og kystforvalting vil auke markant. Slik får Kystverket styrka sin kapasitet til å drive utgreiing, analyser og til å iverksetje tiltak.

– Kystverket får altså mange store og viktige oppgåver å løyse dei komande åra. Vi vil førebu oss godt, utarbeide gode planar for dei ulike oppgåvene og sikre oss tilstrekkeleg kapasitet til å utføre dei på ein god måte, seier kystdirektøren.
 
– Kystverket er klar til å ta fatt på desse utfordringane, og vil omsette dei politiske intensjonane til stor samfunnsnytte. Vi vil fortsette å arbeide hardt for ein sikker, effektiv og rein kyst, lovar kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

Til toppen