Hopp direkte til innhold

Ny organisering av Kystverket frå 1. januar

– Brukarar og samarbeidspartnarar skal ikkje merke noko til organisasjonsendringa vår. Vi er framleis til stades langs heile kysten, med dei same oppgåvene – og med minst like høg servicegrad som før, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Organisasjonskart som viser Kystverkets nye organisering
Kystverket får fra 01.01.2021 ny organisering. Sentralt i modellen står dei fire verksemdsområdene, som får heilskapleg ansvar, med alt frå regelverksarbeid til operativ drift av tenestene.
Foto: Kystverket

Regjeringa beslutta sommaren 2020 ein ny organisasjonsmodell for Kystverket. Regjeringas beslutning bygde i stor grad på kystdirektøren si tilråding til ny organisasjon, levert 3. februar 2020.

Den nye organiseringa blei sett i verk i dag, 1.1 2021. Målsetninga har vore å skape ein kostnadseffektiv etat, som skal vere i stand til å møte utfordringar og krav knytt til samfunnsutvikling, teknologisk utvikling og naudsynte miljøomsyn i åra som kjem.

Går bort frå regionmodell

Den største endringa i ny organisasjonsmodell er at Kystverket går frå ein regionmodell (inndeling i fem regionar og eit hovudkontor) til å bli organisert etter funksjonar (fire verksemdsområder). Såleis følger Kystverket også den generelle utviklinga i statsforvaltninga der ein går mot funksjonsorganisering og ein meir fagretta struktur.

Dei fire verksemdsområda får heilskapleg ansvar, med alt frå regelverksarbeid til operativ drift av tenestene.

– Dei ulike funksjonane, med verksemdsområder og avdelingar, er lokalisert på dei same stadane som Kystverket tidlegare hadde regionkontor (Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg). På denne måten held vi oppe stillingar og viktige kompetansemiljø rundt om i landet. Å vere fysisk tilstades langs kysten der vi møter brukarar og samarbeidspartnarar er viktig for oss, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Eit anna resultat av omorganiseringa er at toppleiinga har blitt slankare og er samla på ein stad, i Ålesund.

– Kystverket får ein tydelegare struktur, med inndeling i einingar som vi meiner det ligg betydelege gevinstar i å samle. Vi får meir robuste fagmiljø som betre kan møte framtidas utfordringar og moglegheiter. Samstundes har det vore viktig å forenkle styringa av organisasjonen. No fjernar vi doble styringslinjer, og får ei meir effektiv og tydeleg styring, seier kystdirektøren, som ikkje trur at omverda vil merke noko særleg til dei interne endringane i Kystverket.

Betre tenester

– Vi er på plass rundt heile kysten og har dei same oppgåvene som før. Brukarar og andre skal få oppleve at tenestenivået og servicen vår skal vere minst like bra som tidlegare. På litt sikt er sjølvsagt målet å bli enda betre: Betre samordning, betre ressursutnytting, tydelegare styringslinjer og at vi no kjem tettare på innovasjon og utvikling – vil gi ein meir effektiv etat og betre tenester, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Til toppen