– Ein budsjettauke på årets budsjett gjer at vi kan nå fleire søkarar. Søknadslista i fjor viste at det var fleire gode prosjekt som dessverre ikkje nådde opp i den harde konkurransen. Vi vonar sjølvsagt på like mange søkarar i år! Har du eit prosjekt som kan vere aktuelt for tilskot, så ta gjerne kontakt for rettleiing fram mot søknadsfristen, oppfordrar seniorrådgivar Øyvind Sandbakk i Kystverket.
Tilskotet kan nyttast til investering i hamneinfrastruktur, tilkomstinfrastruktur og mudring. I statsbudsjettet for 2022 er det løyvd 95,5 millionar kroner til denne ordninga. I år må minst 40 millionar av årets løyving gå til eittårige prosjekt.
Fristen for å søke er 6. mars 2022. Meir informasjon om ordninga finn du på www.kystverket.no/effektivehavner