Hopp direkte til innhold

Følg ryddinga av plastpellets på kartet K

Kartløysinga «Kystinfo Beredskap» gir oversikt over funnstadar, kva områder som er rydda og kvar ryddinga av plastpellets går føre seg.

Over 13 tonn med plastpellets forsvann i havet då det gjekk hol på ein container på eit lasteskip i Skagerrak. Plastkulene er skylt opp mange stadar langs kysten av Oslofjorden og nedover langs Sørlandet. Kystverket leiar oppryddingsarbeidet, og ønskjer tips frå publikum for å kunne rydde mest mogeleg effektivt der det trengs.

– Vi legg jamleg inn alle tips og observasjonar av plastpellets i kartløysinga, som gir oss ei oversikt over alle registrerte funnstadar. Her legg vi også inn kvar det har blitt rydda, samt stadar der det pågår opprydding, fortel beredskapsdirektør Hans-Petter Mortensholm.

– Finn du pellets langs kysten av Oslofjorden og nedover langs Sørlandet, vil vi gjerne at du ringer oss på publikumstelefonen, oppmodar Mortensholm.

Om du allereie har plukka opp pellets, ønskjer Kystverket også at du ringer inn og fortel kor mykje du har samla.

– Dette er viktig for å få oversikt over kor mykje som står igjen å rydde, understrekar han.

Telefonnummeret for innmelding av funn er 3303 4810. 

Vi vil då vite lokasjon, mengde pellets og tid for observasjon. Vi vil også gjerne ha eit bilete frå funnstaden, dersom du har det.

Åpningstida for telefonen er 09.00 - 19.00 på kvardagar, og 11.00 - 16.00 i helgene.

Til toppen