Kystverket eig totalt 21 666 navigasjonsinnretningar, og av desse er 6 565 utstyrt med lys og 15 101 er utan lys (stenger, stakar og vardar).
2017 | 2018 | 2019 | |
Tal på anlegg | 6 360 | 6 503 | 6 565 |
Tal på sløkkingar | 838 | 614 | 609 |
Tal på sløkkedøgn | 6 948 | 6 732 | 5 885 |
Oppetid | 99,7% | 99,8% | 99,8% |
Kystverket sitt mål om 99,8 prosent oppetid for dei med lys er i tråd med kravet IALA (International Association of Marine Aids to Navigation and Lighthouse Authorities) set til kategori 1-navigasjonsinnretningar, som har det strengaste kravet til oppetid. Måltalet til Kystverket gjeld for samla oppetid for alle innretningane. Dette er eit tøft krav som mange tilsette, både i regionane og reiarlaget til Kystverket, arbeider målretta for å nå – kvar dag, heile året.
– Merkinga av sjøvegen skal vere til å stole på. Då må kravet til oppetid for desse innretningane vere høgt – og ikkje minst bli innfridd. Vi arbeider kontinuerleg med å halde ved like, utvikle og oppgradere sjømerkinga, slik at sjøvegen skal vere tryggast mogeleg å ferdast på, slår kystdirektør Einar Vik Arset fast.
Tala er henta frå Kystverkets årsmelding for 2019. I den kan du lese meir om både navigasjonsinnretningar og alt anna etaten driv med.