Hopp direkte til innhold

Sommarvikarane held sjøvegen trygg

Yvonne er ein av 13 sommarvikarar i Kystverkets vedlikehaldslag, som jobbar for å oppgradere sjøvegen i sommar.

Båtar langs kysten vår er avhengige av sjømerker for å navigere trygt, heile året. Yvonne og resten av våre sommarvikarar bidreg til å halde sjøvegen trygg i sommar.

Yvonne Holsen Meier (27) frå Førde har sommarjobb på eit vedlikehaldslag på Vestlandet. Saman med eit anna vedlikehaldslag har dei ansvaret for å halde orden på rundt 5000 sjømerke mellom Egersund og Stad.

Ho er akkurat ferdig med lærarutdanning, og hadde søk på Finn etter sommarjobb. Annonsen om jobb i Kystverket dukka opp, og verka spennande. Ho innrømmer at ho ikkje visste så mykje om Kystverket i starten, men snakka med andre og kom fram til at det måtte vere ein spennande og lærerik sommarjobb med mykje praktisk arbeid.

Reparerer og utbetrar

Sjømerka må sjekkast, reparerast og oppgraderast systematisk og kontinuerleg. Og når feil blir meldt inn, rykkjer Kystverket ut for å ordne opp. Arbeidet inneber i stor grad vedlikehaldsarbeid på fyra, lyktene og sjømerka, både faste og flytande – alt frå maling, støyping, bytte av batteri og skifting av solceller – og fjerning av fugleskit! Vedlikehaldslaga og fartøya blir òg nytta som ressursar i Kystverket si operative beredskap mot akutt forureining.

Variert arbeid

– Dette må vere den perfekte sommarjobben, og eg har ikkje angra på at eg søkte her! Eg er glad i både båtliv og fysisk arbeid, eg lærer mykje nytt – og det er skikkeleg fint å få vere ute og oppleve mange fine stader langs kysten no om sommaren, seier Yvonne. Sjølv om vêret har vore variabelt, har ho alltid følt seg trygg med Kystverket sine dyktige folk ved roret på arbeidsbåten «Storholmen».

133 søkarar på 13 stillingar

Det var heile 133 søkarar på dei til saman 13 sommarjobbstillingane. Talet på vikarar varierer litt fra år til år, alt etter kva arbeid som skal gjerast. Dei jobbar saman med ordinært mannskap på vedlikehaldslaga og er med som ein ekstra ressurs dei månadene været tillèt at ein skal få gjort en del. 

Nyttig erfaring 

Mange av vikarane kjem seinare tilbake for å jobbe i Kystverket. Yvonne planlegg sjølv å halde fram med utdanning til hausten, men no innan IT og e-business.

– Sjølv om sommarjobben er mest praktisk, er det likevel relevant erfaring for det eg skal studere vidare. Det er jo mykje teknologi i denne jobben òg, som gir oversikt og forenklar arbeidet til vedlikehaldslaga. Eg har fått fleire idear gjennom sommaren, og liker godt kombinasjonen av teori og praksis, seier ho. Ho skryt av dei gode kollegaene ho jobbar med, som let henne prøve ulike oppgåver i trygge rammer og set stor pris på alt ho har lært.

Kjenner på ansvaret

Ho håper å få jobbe her òg neste sommar, og ser ikkje bort i frå at ho kan kome til å jobbe i Kystverket også etter ferdig utdanning.

– Eg har lært så utruleg mykje. No som eg veit meir om Kystverkets viktige oppgåve med å halde sjøvegen trygg og rein, kjenner eg ekstra på ansvaret for å gjere ein god jobb, at det skal sjå bra ut og vere trygt for alle fartøy som seglar her, seier ho med eit stort smil.

 

Yvonne ved roret_liggande.png

STORHOLMEN: Yvonne ved roret på arbeidsbåten Storholmen, som er hennar arbeidsplass i sommar.

Yvonne malar lykt kopi 3.jpg

LYKTA BLIR SOM NY: Yvonne gir Åsnes lykt ei runde med ny maling, slik at ho skal vere godt synleg også på dagtid.

gjengen.jpg

GODE KOLLEGAER PÅ ULVESUND FYR: Yvonne saman med nokre av sine gode kollegaer i vedlikehaldslaget, og fast tilsette i Kystverket: Bent Arne Rognaldsen, Thor-Arne Robertsen og Tom Malmanger under arbeid på Ulvesund fyr.

Yvonne i lykta_2.jpg

HØGT OPPE: Vedlikehaldsarbeid på eit sjømerke (HIB) i Skatestraumen.

JOBB I KYSTVERKET? Her er våre ledige stillingar

Her har Yvonne filma nokre glimt frå kvardagen som sommarvikar i Kystverket: Publisert
Til toppen