Hopp direkte til innhold

Forslag til statsbudsjett 2024: Klarsignal for å ta skipstunnelen ut på anbod

Båt i tunnel
– Stad skipstunnel er eit svært viktig prosjekt, både for næringslivet, nærskipsfarten og tryggleiken langs kysten, seier seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap). I 2024 skal skipstunnelen ut på anbod.
Foto: Kystverket / Multiconsult /Link Arkitektur/Mir

Kystverket får 130 millionar kroner til å arbeide med Stad skipstunnel i 2024. Delar av pengane er knytt til arbeidet med å finne ein entreprenør som kan bygge verdas første skipstunnel.

Budsjettlekkasjane rundt Stad skipstunnel har vore kjent sidan starten av september. Med framlegginga av forslaget til statsbudsjettet for 2024 6. oktober blei det endå tydelegare. Kystverket skal ta Stad skipstunnel ut på anbod i 2024.

– Stad skipstunnel er eit svært viktig prosjekt, både for næringslivet, nærskipsfarten og tryggleiken langs kysten. Ikkje minst vil det gi ei viktig føreseielegheit for utvikling av viktige havnæringar i regionen. At prosjektet no sendast på anbod, vil vere viktig for å finne ut om det er mogleg å realisere det innanfor dei rammene som er sette. Dersom vi får inn tilbod innanfor dette, vil vi kunne starte arbeidet med å realisere skipstunnelen. Det er vårt klare mål, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Regjeringa foreslår å løyve om lag 130 millionar kroner til førebuande arbeid og gjennomføring av anbodskonkurransen i 2024.

Gjennomslag for anbodsrunde

– Vi er nøgd med at regjeringa anerkjenner at dette er eit viktig prosjekt for kyst-Norge og tryggleiken for skipsfarten. Ein skipstunnel med så store dimensjonar har aldri vore bygd før og derfor har risiko- og usikkerheitsavsetningane i prisanslaga for tunnelen vore store. Vi har sagt at vi meiner det er mogleg å redusere kostnadane for prosjektet, ikkje minst i samband med reduksjon av usikkerheit. Men dei store innsparingane vil ein først få klarlagt i ein anbodsprosess og gjennom forhandlingar med entreprenørar som skal bygge skipstunnelen. Det er bra at vi no har fått gjennomslag for dette, seier fungerande kystdirektør Per Jan Osdal.

Stortinget vedtok våren 2021 at Stad skipstunnel kan bli bygd innanfor ei kostnadsramme på 4 090 millionar kroner. Dette utgjer om lag 5 060 millionar kroner i 2024-prisar.

Om tilboda frå entreprenørane ikkje kjem seg under kostnadsramma på 5,060 milliardar kroner, må i så fall prosjektet tilbake til Stortinget for å få vedteken ei ny ramme.

Stor interesse blant entreprenørar

Kystverket har i to rundar gjennomført leverandørkonferansar, begge med stor nasjonal og internasjonal interesse. Den siste ble gjennomført i månadsskiftet januar/februar, med over 160 deltakarar frå 80 ulike leverandørar og entreprenørar. Målet med leverandørkonferansane er å klargjere marknaden for ei kommande konkurransegjennomføring.

– Vi opplever stor interesse for prosjektet blant entreprenørar. Stor konkurranse vil truleg gi god effekt både for tekniske løysningar og pris seier prosjektlaiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Skjeppestad.

Kontakt

Prosjektleder

Terje Skjeppestad /

Fakta Stad skipstunnel

Kystverket har fått i oppdrag å bygge Stad skipstunnel, verdens første fullskala skipstunnel. Selve byggeprosjektet skal utføres av en hovedentreprenør gjennom en totalentreprise. Det skal lyses ut i 2024 og det kan bli byggestart i 2025.

Målsettingen med prosjekt Stad skipstunnel er å forbedre fremkommelighet og sikkerhet for sjøtransport forbi Stad, trolig det mest værutsatte og farligste havstykket langs norskekysten. I tillegg skal prosjektet optimaliseres for å hente ut andre nyttegevinster.

Skipstunnelen skal bygges der Stad-halvøya er på det smaleste, mellom Moldefjorden og Kjødepollen, i Vanylvsfjorden. Tunnelen blir 1,7 kilometer lang (2,2 km med entringsområder), 50 meter høy og med en bredde på 36 meter − som betyr at fartøy opp til størrelsen på Kystruten/Hurtigruten  vil kunne få en sikker seilas forbi Stadlandet.

Kystverket er en transportetat som ligger under Nærings- og fiskeridepartementet. Visjonen vår er å utvikle kysten og havområdene til verdens sikreste og reneste. Stad skipstunnel er en del av dette arbeidet. 

Til toppen