Noreg har ein lang og spesiell kyst, og Kystverket er langt framme når det gjeld å ta i bruk ny teknologi for å halda sjøvegen sikker. Sjømerka går heile tida gjennom ein innovasjonsprosess – og fleire av dei nordiske landa har teke i bruk sjømerke som er tidlegare utvikla av Kystverket.
Ein ny generasjon sjømerker
Sjølv om Kystverket har utvikla eigne sjømerker i lang tid, vert det no utforska både nye design og materiale. Eit veldig viktig grep er at mannskapa på fartøya og vedlikehaldslaga blir tett involverte i utviklinga, sidan dei gjerne veit best kvar skoen klemmer.
– Formålet er gjere vedlikehald av sjømerke enklare og meir effektivt, og ikkje minst tryggare med tanke på betre sikkerheit og HMS for dei som jobbar med sjømerka til dagleg. Samtidig er forbetra ytelse på sjømerka for brukarane våre naturlegvis hovudmålet. Den siste prototype-testen handla om synlighet, seier Tatjana Eriksen, seksjonssjef i avdelinga for reiarlag, fyr og sjømerker i Kystverket.
Hindrar fugleskitt
Akkurat no er det hurtigbåt-merker, såkalla HIB (lanterne med indirekte belysning) som skal fornyast. I dag finst det to typar hurtigbåtmerke og to typar lanterneskap. Det ideelle hadde vore å erstatte alle desse merka med EIN type, slik at ein får ein heilskapleg utsjånad på merka som er lett å kjenne igjen over heile kysten.
– Prototypen som vi no jobbar med inkluderer endringar som plassering av batteriet nederst, for at mannskapet skal sleppe å klatre til topps, auka lysstyrke og derav større solcellepanel, og tiltak for å hindra at fugl kan lande på objektet. Det siste høyrest kanskje banalt ut, men avføring frå sjøfugl, i hovudsak skarv, kan vera til hinder for funksjonaliteten til sjømerket, og i tillegg utgjera ein helserisiko for mannskapet vårt, seier senioringeniør Birgit Huse.
Den pågåande utviklingsprosessen involverer altså først grundig tilbakemelding frå mannskapa. Neste trinn vil inkludere navigatørar, planleggjarar og etter kvart losar og andre brukarar. Den planlagde lanseringa av nye sjømerke er forventa å bli fullført i løpet av 2024.